Driftnerd arrangerte Turbotour 2017 den 12. til 14. mai. (www.turbotour.no)
Her er bilder frå dag 1, Fredag 12. mai.

Anders G. Lorentsen sin GT86 klargjort til tur.


13 deltakarbilar vart til 12, då den eine bilen blåste ein toppakning på veg til startlinja.

45 minuttar for sein take-off, og 30 minutts venting på vegarbeid etter 20 kilometers køyring. Det var godt vi kunne ringe og utsette kveldens middag litt.

 

Hunken Adrian Ertesvåg poserar i E30’en.

Glenn Tage Kvammen sin strøkne Trans Am er ein smule tørst, og fekk drukke unda 200 liter på helgeturen.

Mens Trans Am’en går tom, blir deltakarane sine tankar fulle. Då er det godt at det er nok av grøfter som treng vatning.

So glad blir ein av å køyre Trans Am på Turbotour.

Sogndal – Ålesund via Stryn. Kor langt er det til Ørsta Rådhus herr Sirkelsag?

Amanda hadde ikkje tru på timeplanen.

Miniane som var med, Cooper S og Cooper CM SD, fekk plutseleg ei luke bak til dei andre, då dei skippa ein kombinert tisse- og handlepause.

Men rett før ferja dukka dei andre opp att i speigelen.


10 av 12 bilar rakk ferja. Inkludert Amanda, som kunne puste letta ut og stappe i seg ei svele.

Kort tid etter ferja, og etter litt feilkøyring hit og dit, kom vi endeleg fram til Waterfront Hotel i Ålesund.

Hotellet hadde heldigvis eigen parkeringskjellar, om enn noko dyr. Bilane fekk i alle fall stå trygt å tøffe seg i lag.

Etter å ha slengt frå seg tinga på hotellrommet, var det berre å kome seg i veg mot Ålesunds beste fisk og sushirestaurant, Zuuma, for felles middag. Berre synd at dei fleste av deltakarane ikkje et sushi, og helst unngår fisk.


Misosuppen til forrett, også kalla JDM-suppe, gjorde inntrykk på enkelte.


Den friterte kyllingen var meir gjenkenneleg for folk. Sjølv om dei aller fleste måtte innrømme at suppen og var god.

Andre hadde utfordring med verktøyet.

Ein fin gjeng som kosa seg med maten, sjølv om den kanskje var litt utradisjonell i forhold til kva dei var vande med. Den siste retten, indrefilet av okse teriyaki, vart højdaren for dei fleste. Mens dei som åt sushi ikkje hadde tid til å ta bilder, sidan dei stappa innpå det eine smålevande fiskestykket etter det andre.

The Bandits, Øyvind Slinde og Glenn Tage Kvammen, ser meir eller mindre klare ut for snork. Eller får Slinde eit anfall?

Homoerotiske utsmykking på romma på Waterfront Hotell.


Ein sliten Slinde har teke kveld. Men først ein sms til mor for å informere om at han fortsatt er i live.