Takk til kvinna!

I samband med at vi la ut Smygen sitt bilde, med teksten “Bak einkvar sterk driftar står det ei sterk kvinne”, følte Driftnerdsa seg litt ekstra inspirerte. Dei ville derfor, i fellesskap, dele nokre ord til sine damer, elskerinner, mødre, søstre og feminine brødre.
Vakre, uimotståelege kjærast!
Takk for at du er tolmodig med meg. Takk for at du let meg bruke alt for mykje tid og pengar på å lage gummirøyk og krase bil. Takk for at du likevel slepp meg til, somme tider. Beklagar at eg ikkje er den draumemannen som eg lata som eg var.
Sexy elskerinne!
Kvar er du? Forresten, eg har ikkje tid til deg.
Kjære mor!
Takk for at du slapp til han far. Og for at du drassa rundt på meg i 9 månader medan eg kraste kroppen din, og til slutt sprengde meg veg gjennom herligheiten din. Takk for at du fora meg, spylte og strigla meg, og gjorde det du kunne for at eg skulle bli ein snill, flink, framgangsrik gut. Beklagar at det kanskje ikkje gjekk heilt slik du hadde håpa.
Kjære søster!
Takk for at du lærde meg å slåss og lot meg dra deg i håret. Og for at du tok med deg dei lekre venninnene dine heim, så eg kunne tafse på dei bak ryggen din.
Kjære feminine bror!
Skaff deg ballar.
Til slutt vil eg takke banken.
Takk for at de har lete meg refinansiert lånet mitt 14 gonger det siste året. Takk for at de med sleske smil og vatn i munnen let meg ta opp meir lån. Faktisk kvar gong eg spør. Som er kvar gong noko ryk. Som er temmeleg ofte. Takk for at de let meg sleppe å bli gravlagt med positive tal på kontoen, og at de let barna mine sleppe å arve noko.
I tillegg har Øyvind følgjande å sei:
“Vil takke a Anne Lene for at a var med utti låven kl0400 og holdt i intercoolerrøra mine så jeg fikk sveist det og montert og dratt til RFS aka Reidar Fjøsne på bremsing til kl10.00 dagen etter.” (for ei dame!)