Sup?

Jørgen Tangen tek ingen sjansar fram mot siste runde av Noregs Cupen. Turen går derfor inn til RFS Performance for litt dyserens.
–
Vi får tru både dysene og Jørgen sjølv er tilstrekkeleg rensa etter so mange timar.
–
Petter Lauvås er også spent opp mot den siste runden.
–
Kenneth Nornes er vel kanskje meir nervøs, sidan Petter har fått lånt 2’aren hans (om det er lov å sei). Ein ting er å låne ut ein slik bil, men det å faktisk ha ballar nok til å tore å låne den? De er modige begge to!
–
Men kva er dette? Basseluskar på gang i Petterkroppen rett før takeoff til Våler?
–
Heldigvis ser det ut som at han kjem seg på beina att, og får fortsatt med førebuingane.
–
Og der er gutungen klar! Vi forventar ny pallplass på både Petter og Jørgen denne helga.
–
Medan Bimmern hans vert tafsa på av Petter, har Kenneth Nornes henta fram att Vespa’en sin. Han må jo ha eit eller anna motorisert å tukle med.
–
Øyvind Slinde ladar opp til siste runden på Våler med litt song og ei bøn til nerdane som skal i krigen.
–
Arve Brekkhus har prioriteringane i orden. Driftweekend på Kaupanger er i år den 29. og 30. september, og blir som vanleg årets høgdepunkt. Pass på at du tek turen!
–
Petter Nes Olsen og dei andre i Sogn Motorsportklubb er i full sving med å freshe opp den verdskjende bana.