Steffen Tveite news

Det er ein nydeleg dag på Voss, og Steffen Tveite finn ut at han vil starte dagen med ein sykkeltur. Ikkje pedalsykkel sjølvsagt, han har ikkje kome i midtlivs-krisa enda.
–
Tveite kosar seg. So herleg det er å kjenne vinden mot kroppen og føle friheita. Turen går både på og utanfor veg. Med eitt blir han so frykteleg tørst og klarar ikkje ta augene vekk frå husveggen han passerar.
–
Så vert det svart. Og det neste Steffen ser er undersida av ein bil. Kroppen verkar, hovudet dundrar.
Han ser livet passere i revy. Barndomsåra, familie, besteforeldre, leik og moro, ungdomsåra, kviser, frustrasjon, ufrivillig hårvekst, snodige ting skjer med kroppen, jenter, kvinner, damer, forelsking, lyst, volvo, volvo, volvo, volvo, driftevolvo, driftevolvo, driftevolvo, rulling, driftevolvo, driftevolvo, supra. Han hugsar Supraen som står i garasjen. Uferdig. Må gjere ferdig Supraen. Må køyre Supraen. Steffen opnar augene sine. Han ligg i sjukehussenga. Han røyser seg opp. “Smerte er midlertidig, drifting varar eviiig!” skrik han og dreg ut slangar som er festa til nase og arm. Han går sakte og ustødig ut og dreg rett tilbake til garasjen. Der står Supraen, klar til å bli ferdiggjort.