Sogn Pre-NM2

Det nærmar seg Gatebil og runde 2 i NM/NC. Heltane i Sogn gledar seg og jobbar hardt for å bli klare.
Alvin Lægreid har fått litt nytt til Supraen.
Den nye diffen er heilverst. Her snakkar vi lastebildiff av same typen som vert brukt i dragracing.
Trekkbilen, som forsovidt ikkje trekk Supraen, men sluker den heil, treng og litt omsorg.
Arve F. Brekkhus saknar Sogningane slik at han tenkjer på dei natt og dag. Heldigvis snart helg.
Når helga kjem er det berre å børste arbeidsskiten av seg og førebu seg for ei helg som mekanikar og støttekontakt.
Ein kjapp tur innom garasjen, så går turen til Sogn.
Brynjar Skahjem har fått på nye stickers på sin E30 2JZ-GTE, og er klar til køyring.
Etter å ha bygd opp motoren etter ras, må Kenneth Nornes nett innom RFS Performance for litt mapping.
Så var det desse dekka då. De veit det at dekka varar lengre viss de sluttar å spinne so jævligt?
Framme i Sogn tek dyrevenn Arve seg tid til ein liten saueprat.
Så var det berre å pakke med seg nokre halvreine truser og leggje av stad.
Fredrik Stokkenes, personleg livvakt for Kenneth Nornes.