Slik var helga

Oddbjørn Hauglum burde konsentrere seg meir om sin S14 enn om lekre bimmers. Mogleg vi må gi han eit spark i baken og få fart på han.
–
Øyvins Slinde ryddar, samtidig som han sender ut godt skjulte bodskap.
–
Petter Lauvås har fått lasta opp 2JZ R34’en og har kome seg på ferja. Målet er Norgescupen i Kristiansand.
–
Det same gjeld kaupingen Jørgen Tangen og hans 2JZ S13.
–
Vel framme er det klar for teknisk sjekk og godkjenning.
Laurdag.
Kim Mathisen er på plass med sin 2JZ IS200, og skal køyre i Pro-klassen.
–
Meanwhile, in Hundvin, at the Smygs place.
–
Tilbake i Kristiansand er Petter Lauvås i gang med nødreperasjonar etter litt FOR sexy køyring.
–
Jørgen sin S13 hadde ikkje behov for anna enn ferske dekk med sin übersmoothe køyring.
–
Kvalifisering i gang, men med ei litt småskummel byrjing. Blir det bra nok?
–
Men her var det viss ingen grunn til bekymring. Petter small til med ein 3. plass og Tangen på 5. plass på kvalifiseringen! Vil dei klare å toppe dette søndagen?
–
Kim Mathisen kvalifiserte seg lett til Top 16 i pro, sett vekk frå litt rompeknufling.
–
Tilbake i virkelegheita er Christian Bakkerud på gutetur med eldste sonen. Dei to karane har teke turen til bilcrossløp, og junior må prøve ut pallen, garantert med farens sigrar i minne.
–
Ørjan Nilsen tilbringer laurdagskvelden med nasen full i herleg glasfiber- og sparkellukt. Aaaah sparkel. Kvifor er det ingen som har laga ein deodorant eller after shave med sparkellukt?
–
Kenneth Nornes har trent på Kaupanger i dag, og slik gjekk det:
–
Petter Nes Olsen har midlertidig pensjonert seg frå drifting. Men ser ut som han har ein grei laurdag likevel.
–
Søndag, og gutane er klare for trening.
–
Jørgen med sin første skikkelege walltap.
–
Og Kim fortset der han slapp i går. No med heile lykta vekke.
–
Men litt buttslap’ing hindrar han ikkje i å delta i top 16. Dessverre vart det litt overtenning på OMT, og han rauk ut.
–
Petter Lauvås følgjer opp den gode kvalifiseringa med avanse til top 4.
–
Og det gjekk jo enkelt.
–
Lauvåsen knalla rett inn i finalen, og kven ellers enn med-nerd Jørgen Tangen venta der. Nerd on!
–
Etter ein heftig battle stakk Petter av med sigeren…
–
medan Jørgen Tangen altså enda opp med ein imponerande 2. plass på sitt første offisielle løp.
Gratulerar so mykje til begge 2. Dette er over all forventing!