Drift Allstars, Riga

Her er eit lite reisebrev frå sist helgs Drift Allstars-runde i Riga.
Fredrik Stokkanes og Kenneth Nornes har satt seg i bilen på veg til Gardermoen.
Nokre timar etter er Alvin Lægreid og Reidar Fjøsne Skartun på same veg. Dei vurderer å kapre ferga og få den til å duppe avgarde til Riga, men sidan dei ikkje har ei veke på seg til å nå fram – så vert det fly likevel.
Kenneth og Fredrik er komne til Gardermoen og kan nyte den første av 3 øl i løpet av helga.
På flyet finn dei ein godt ivrig Kenneth Formo. Dei bestemmer seg for å ta hand om denne ville gutalaken. Men flyet går ikkje til Riga? Ser ut som den eine ølen gjekk rett i fletta på folket.
På Flesland står Ørjan Nilsen og drøymer opp mot tavla. Heilt sidan han var ein neve stor (for 2 år sidan) har han drøymt om å reise til Riga for å sjå drifting.
Ørjan klatrar ombord, han har ikkje noko imot å gå inn bakdøra.
Samstundes, på ein annan gate på Flesland, har Nornes & co funne seg eit nytt fly.
Og med eitt var dei framme.
I taxien møtte dei ein annan skummel nordmann. Ein som prøvde å lokke dei med snøvlesaft. Heldigvis takka Kenneth og Fredrik nei.
Formo lukta derimot på korken, og måtte kaste skjorta.
Hotellromma i Riga har diskret installerte stumtenarar.
Kenneth er særs nøgd med å vere framme.
Men alle inntrykka gjer at han må meditere litt.
Ørjan kastar ikkje vekk tid på meditasjon, men ser heller på arkitekturen i Riga.
Dei møtes i alle fall på kvelden, for felles kveldsmat.
Etterpå var det eventyrstund på hotellet før tannpuss.
Carlos stod for eventyrlesinga. Hans tolking av “Dei tre bukkene bruse” var både nifs og rørande på same stund.
Øyvind Øversveen er mindre nøgd med tilværelsen.
Heime sit Steffen Tveite og ser på streaming. Og jammen dukka det opp nokre ekte heltar på skjermen.
Køyring over og Ørjan er klar for sosialisering. I utlandet har dei andre typar brus enn i Noreg. Her prøver Ørjan ein pærebrus frå Stella.
Driftebilane får køyre oppvisning gjennom byen, med politieskorte sjølvsagt.
Ørjan-bror og hemmeleg superhelt Mads er med. Her i sykkeltaxi.
Når han såg kven han transporterte, nekta sjåføren betaling. “Supadrifta Ojjan Nisen for free” sa han.
Ny dag, ny glaning.
Alvin var med Fredrik Myhre som spotter og mekanikar denne helga. Dermed har han fått eit godt innblikk bak kulissane og er klar for Drift Allstars 2016.
Nornes er stolt over arbeidet Alvin har lagt ned.
Helga over, og klakk heim. Siste kvelden var dei oppe heilt til midnatt, noko som tek på ein småbarnsfar.