Pluto S15 benking
Arve F. Brekkhus sin 2JZ S15 vert definitivt ein av dei mest forseggjorte bygga, når den er ferdig. Her er det ikkje spart på verken delar eller arbeidstimar. Også denne laurdagskvelden vart brukt i garasjen.
–
Arve køyrer Vems, eit datasprut som kan brukast av sjåførar og særleg tunerar som faktisk veit kva dei driv med.
–
Steffen Tveite skal vere følgjemann for Arve ved benking søndag. Medan Arve jobbar på i garasjen tek Tveite ansvar, og held festmiljøet på Voss litt i øyrene så det ikkje skal utarte seg. Og som dei fleste veit, når trekkspelet vert drege fram…
–
…so er det på tide å roe stemninga, og heller få dei over på gitar. Trekkspel er som kjend djevelens instrument, og ikkje sømeleg til bruk i sosiale samlingar. Godt jobba Steffen!
–
Medan Steffen og festløvene har teke kvelden, er det fortsatt aktivitet i garasjen. Arve; helt om dagen, superhelt om natta.
–
Natta pusen.
–
So var det på’an igjen.
–
Og bim badaboom, så var dei framme i Gaupne hjå Reidar og RFS Performance. Og for ein bil! Det vert for gale å skitne denne til med sponsorstickers seinare. Med unntaket av ein KenFred-Driftnerdskalle eller to sjølvsagt.
–
Og med ein velluka testbenking går turen heimatt. Nettredaksjonen har etterlyst tal frå benkinga utan å få særleg med svar. Kun Steffen Tveite opna brødholet og kom med tala “7+8″… Men kva skal det bety. Svaret blir jo 15. Vil det sei at vi nærmar oss 1500 hk på nav? Etterkvart kom det ein SMS frå Arve som forklarte at det hittil var litt over 700 whp og 800 wnm. Det bør jo vere nok til å spinne på nokre halvslutte dekk.