Kenneth Nornes, Ørjan Nilsen, Kim Søndergaard og Christian Bakkerud er på veg til Gatebil Mantorp for å delta på Gatebil Driftseries. Øyvind Slinde, Steffen Tveite, Petter Lauvås og Arve F. Brekkhus er også nede, for å hjelpe til og for å suge inn litt kulturelle opplevingar. Her er litt bilder frå turen ned onsdag, og litt frå føremiddag Torsdag.

Vetle Petter Pantekropp er ikkje så stø i geografi. Det er nok eit stykkje frå Hemsedal til Mantorp. Petter reiser saman med Bakkerud takka vere Driftnerd sin fadderordning.


Øyvind Slinde og Kenneth Nornes er langt nærare, då dei skulka alle sine forpliktelsar og stakk tidleg onsdags morgon.




Lengre bak kjem Ørjan Nilsen og broren Mads. Ørjan har med seg masse felgar, men har han gløymt gummien?


Heime i Vossatraktene er Lars Magne Kløve smådeppa for ikkje å få reise til Mantorp. Men i det minste har han fått igjen bilen sin etter sjekk. Og det er jo alltid kjekt?


Arve F. Brekkhus er på veg, ser ut som han rekk fram i god tid før portane stengjer.


Der er vi meir skeptisk til Ørjan, som har han ein lengre pitstop for å legge dekk på felgane. Men no får han i alle fall køyrt i helga, om han når fram…



Det byggjer seg opp ein amper stemning i Bakkerud sin bil, då han ved eit reint, godt planlagd, uhell øydelegg ei panteflaske. Då blir ikkje NM mestar i panting, Petter nøgd.


I mens har Øyvind og Kenneth kome fram, fått på plass telt og loungeområde, og kan nyte litt pærebrus til kvelds.


Tveite er og glad i svensk pærebrus, men vil han rekke det?


Stemninga i sprinteren til Bakkis blei so dårleg etter flaskemosen, at han måtte stoppe og mate Petter litt. Men Happymeal’en innfridde, og Petter er ein glad gut.



Endeleg er Petter og Bakkis framme, samt Søndergaard og Tveite.


Men akk.. porten er stengd.


Godt dei har medbrakt luksushotell på hjul.


Ny dag, Torsdag, og gutane slepp inn porten. Og innanfor er det mykje kult å sjå.


Nornes sin BMW har sove godt, og er klar for køyring.


Men først er det førarmøte.


Småtrøytt gjeng.



Alt vert betre med litt mat i magen.


Kompisen til Søndergaard er klar.


Steffen Tveite og Øyvind Slinde håpar på lite jobb i helga.


Klar for trening!