ØversCossie

Viss drifting er betre enn sex, må ein Cosworth vere bedre enn ein blowjob.
Etter ei vellukka facebook-utfordring, fekk Øyvind nok “likes” til at Far Øversveen til neste år skal køyre Cosworthen på bane. Far og son Øversveen er derfor i garasjen for å ferdigstille det sølvgrå beistet. Datasprut og bremsing er bestilt hjå Reidar og RFS Performance, så her blir det futt, bang bang turtalssperre og antilag.
Gamle deler frå eit sprengt heimebrentapparat får ny funksjon.
Fronten heng til tørk etter å ha blitt satt inn meg blanding av vaselin og tigerbalsam, for bedre flyt og meir aggresivitet.
Undersida er smørt inn med tjære for å unngå vanninntrenging ved køyring i sølepyttar.
Øyvind tek ingen sjansar når det gjeld Pappa Øvers sin sikkerheit. Buret er derfor nypolert og velsigna med vievatn frå Nidarosdomen.
Øyvind er stor fan av glattbarberte kroppar, og har derfor gått over bilen innvendig med høvel.
Han er også tilhengar av stripping.
Kvasse kammar slipt på slipestein arva frå bestefaren. Doble ventilfjører frå ein gammal sofa Øyvind hadde ståande på låven. Justerbare kamdrev som er slipt slik akkurat passe.
Garret T4 turbo frå ein 50-tals Nuffield traktor som faren hadde stående nederst på jordet, og 50mm wastegate med digert rør rett ned under bil.
Lakkert og klar for PKK.
Tidsriktige compomotive felgar.
Black Diamond bremseskiver. Nokon vil kanskje tykkje dei er i minste laget, men det er ikkje så ofte denne bilen bremsar, så dei er meir enn store nok.
Slik sett hadde det kanskje ikkje vore naudsynt med bremsecaliperar heller. I alle fall ikkje flunkande nye.
Tremec TKO 600 girkasse, med stum 4 pucka clutch, heimesnekrra clutch-hus og det tidlegare nemnde røyret til wastegate.
Utskårne templatar for dørtrekk og dashbord, klare for flokking i kyramønster eller slangeskinn.
3 toms mellomaksling, også denne frå Nuffielden. Nylakka bakstilling med nye foringar dreia frå enten eik eller osp (litt usikker på trevirke då dette vart levert gratis frå eit søskenbarn).
Justerbare casterstag/bærebruer bak.
Flunk nybrukte stolar for innpakking av Øversveens mykje omtalte og ettertrakta bakdel.
RS. Racersportsbil her altså.
Heimelodda eksos frå nedløpsrøyr frå låven.
Intercooler- og luftfilterrøyr. Også desse laga av nedløpsrøyr.
Bilde frå 2007 då bilen hadde ca 300 hk. Bildet er frå lisensdag for Drift Battle – seinare kalla Norwegian Powerdrift Series.