Oppsopfredag

Steffen Rudsengen har vore ein tur hjå Reidar / RFS Performance. Dessverre kom dei ikkje i mål, grunna ulumskheiter og basseluskar i maskineriet. Men med litt justeringar er Rudsi snart tilbake i benken, klar for nye bølletal.
–
Oddbjørn Hauglum sjekkar ut draumebilen. Ikkje lenge etter bilde vart teke datt Hauglum i bakken med euforisk gledes-epilepsianfall. Noko vi har full forståelse for.
–
Petter Lauvås fekk også ein fysisk reaksjon ved synet av 240’en. Volvoens råskap førte til umiddelbar naseblod!
–
Godseigar Kim Mathisen er i godt gang med opparbeiding av ny rasarbane på eigedomen.
–
Øyvind Øversveen har funne sitt kall her i livet, etter at han la driftebilen på hylla. Eller, han solgte den vel rettare sagt. No har multitalentet byrja som aerobic instruktør på Snertingdal Fitness, og grunna dette er det allereie rapportert om ei massiv tilflytting til Snertingdal-området.
–
Christian Bakkerud er ikkje so oppteken av trening. Hjå Bakkis er mat i sentrum.
–
På ein god andre plass, kjem heldigvis drifting. Heldigvis for oss som elskar å sjå han køyre. Og kanskje heldigvis for han sjølv, slik at han faktisk får litt fysisk trening, og ikkje esar ut som ein overstuffa nyttårskalkun.
–
Det er mystiske flekkar på Soarer’en til Ørjan Nilsen. Kan det vere spor etter ein overivrig mannleg fan? Eller er Nilsen byrja å gnikke på den perfekte lakkjobben?
–
Kenneth Johnsen har kjøpt seg ny knu.. rullestove og er klar for intime, klamme sommarkveldar med madammen.