Ein liten oppsummering frå mandag til no.
Christian Bakkerud er ikkje plaga av blåmandager, til tross for ei slitsom, men herleg helg. Han hadde nemleg med seg blåmandagskuren heim frå Sverige: Bacon!


Ørjan Nilsen har ikkje bacon, men andre ting å kose seg med.


Men sjølv om han var helgas store helt, så passar Corolla-daily’en hans på at han held beina på jorda.


Kim Mathisen vert til tider imponert over kundane sine. Denne kunden hadde i alle fall kontroll på sakene sine.


For Øyvind Slinde er det ikkje kundane som er den største utfordringa, men å tyde og følgje  alle reglane på jobben.


Petter Lauvås vart enda betre kjend med Christian Bakkerud på deira tur i lag til Mantorp i helga.


Etter å ha vore med som spotter og pitboy for Bakkerud i helga, er det godt å få jobbe på eigen bil igjen.


Og Petter set pris på all hjelp han får. “Handicap’a hjelp er betre enn ingen hjelp”, seier han. Men kva har skjedd her? Fleire offer for Bakkeruds flygande sylteagurk?


Steffen Tveite manglar handicaphjelp. Kanskje fordi han ikkje har passa på universiell utforming av garasjen sin, og slik sett ikkje har slikt som rullestolrampe på staden. “Klara sjølv”, seier han i ein kjapp kommentar til driftnerd.no.


Morten Ivarsflaten har handla på favorittbutikken spreadshirt.driftnerd.no . Denne kjem til å sitje som eit skot på sommarkroppen hans.


Driftnerd har fått eit nytt medlem! Jørgen Tangen er frå Kaupanger og køyrer ein 2JZ Silvia S13. Meir info om sjarmøren kjem etterkvart.