Nornes news

Med nyinnkjøpt køyretøy til sin komande baby, ser Kenneth Nornes seg nøydd til å selje eitt av sine eigne leiketøy.
Kenneth sin Skyline R34 må ha dårleg hjulstilling sidan han slit så mykje dekk. Heldigvis for Kenneth stiller Fredrik Stokkanes opp og tek jobben.
For siste gang herr Nornes: Volvo er ikkje traktor, men tanks! Frekke faen…
Mens han ventar på baby, er det viktig å få unnagjort mest mogleg. Sidan Kenneth er ei kunstnarsjel med ei dose hippie, er det estetiske veldig viktig.
Med korrekt hjulstilling hadde han kanskje sluppe dette tullet?
Og så, endeleg, kom vetle Loke til verda. Ein fantastisk flott liten kar som allereie ryktas om å ha ein tung høgrefot.
Med baby ute i det fri, er det på tide å fokusere på samanlagtseieren igjen. Gull i Runde 3!