Resultat frå Eikås

Dei offisielle resultatlistene let vente på seg, men her er resultata til Driftnerdane frå NM runde 3 i Eikås, ut frå det vi trur pr i dag.
oppdatert: her er oppsummering og liste frå NMK Bergen: http://www.nmkbergen.no/?p=6097
Semi-Pro:
Ørjan Nilsen (hovedbilete) tok ein fantastisk 2. plass. I tillegg til prisen for “Backwards entry”. Denne karen kjem til å nå langt!
Pro:
Stig “Smygen” Wilhelmsen var beste Driftnerden med 5. plass, pluss pris for “Best in Show” (pokalbilete til venstre).
Kenneth Nornes sikra seg ein 8. plass, med omstridt dømming når det gjaldt forbikøyring.
Alvin Lægreid var skuffa med ein 11. plass, og har no skrive opp “trening på vått føre” på timeplanen sin.
Kim Søndergaard landa på ein 13. plass etter ein del problem med bilen.
Lars Magne Kløve og militærbilen kom på 14. plass.
Steffen Tveite sleit med bilen, som ikkje ville fungere på det våte føret. Diffen sperra ikkje skikkeleg og forstillinga rauk, men han klarte likevel ein 15. plass.
Top 5 Pro samanlagt (trur vi):
1. Myhre 570 poeng
2. Smygen 510 poeng
3. Stensrud 480 poeng
4. Kenneth 420 poeng
5. Klerud 400 poeng