Mantorp

Det er mykje artigt og merkeleg å sjå i det store utlandet, også kalla Syden.
–
Steffen Tveite, som denne helga fungerar som mekanikar/pitboy, gjekk gjennom nålauga, og får sikra seg nokre rundar i passasjersetet.
–
Men Gud/Allah/Kraften var ikkje samd i godkjenninga han fekk, og satte inn støtet.
–
Meanwhile, back in Norway…
–
So fort Kenneth Nornes har vakna og teke morgonbøna si, stoggar regnet og det byrjar å tørke opp.
–
Er det ein storrøykar? Er det eit damplokomotiv? Er det ein brann?
–
Nei, det er Kenneth Nornes.
Fredag ferdig og tid for sosialisering på kvelden.
–
Laurdag, og klar for frikøyring før top 32.
–
Tveite klar som copilot for Nornes.
–
Men harrusett, meir problem i paradis? Det var denne clutchinga til Nornes då, den har vi snakka om før. Kanskje på tide å vurdere automatgir?
–
Ørjan og Christian på førarmøte med resten av eliten.
–
Øyvind Slinde, Kenneth og Suzanne Bakkerud (som har bursdag i dag 19.06 -GRATTIS!) klar til å heie fram Ørjan Nilsen og Christian Bakkerud.
–
Arve F. Brekkhus er også klar.
–
I mellomtida sist Øyvind Øversveen så einsom i garasjen og tuflar på. Med ei tåre i augnekroken sender han varme tankar til gjengen i utlandet.
–
Joakim Hamlander reddar liv, men skulle heller ha vore sørover han og.
–
Tilbake på Mantorp er Petter Lauvås klar som spotter for Bakkerud. Det han ikkje veit er at Christian har teke ut batteriet av headset’et, for å sleppe maset.
–
Og so var vi i gang. Og jaggu gjekk det fort unda.
–
Plutseleg var det finale, med sjølvaste Ørjan Nilsen!
–
Og trur ikkje du gromguten vann heile driten???! Inni heite!
–
Pokaltid!
–
Søndag, og 1 stk nerd, nemleg Kenneth Nornes, deltok i breisladden. Dei andre låg og sov, sidan dei var seint oppe laurdagskvelden og feira Ørjan og Bakkis med kake og nokre rundar med yatzi.
–
Nornes fekk røykt noko dekk, men rakk ikkje opp i teten denne gongen.
–
Så var det berre å kome seg heimover.
–
Er bacon den nye kaka, Bakkerud?
–
Shocking news! Er det i det minste pant på flaska?
–
Ørjan og hans fantastiske bror Mads smilte heile vegen heim, forståeleg nok.