Kim Mathisen sin Lexus 2JZ IS200 er eit ettertrakta utstillingsobjekt.


Christian Bakkerud hamrar på i garasjen. Men har byrja å få dårleg tid til Mantorp.
Når det gjeld tid, så vert det vel aldri nok av det. Men kanskje etetid av kaker kunne ha vore redusert for å auke tida på skruing?


Denne dagen vart det i alle fall skrudd. Og Cefiroen blir berre betre og betre.




Heldiggrisen Bakkis har fått nye sideskjørt av forkromma 20 cm tjukt stål. Bakkerud er nemleg møkk lei alle amatørdrifterane som twin’ar rett i han. No blir det ikkje ein einaste bulk framover!


Og so var det på’an med foret igjen Christian? Men, ingen kaker?


Arve jobbar og jobbar og jobbar. Tal timar som Arve har på sofaen i løpet av ei veke må vere forsvinnande lite.


Men all jobbinga lønnar seg visst. For etter litt beis og hammarlakk frå Einemo Bil, vart S15 ufatteleg snexy.


DAYUM!


Ein annan bil Einemo Bil har tukla på, i alle fall fronten, er Driftnerd-redaksjonens 86 modell MR2. Med fersk PKK er den klar for 2 nye år.


Petter Lauvås er endeleg ferdig med barneskulen, og kan no konsentrere seg for fullt om drifting.


Men det er ikkje lett å få ting på stell når ein manglar deler…


… med mindre ein kan lage delene sjøl! Skills.


Petter sin Skyline utvilsomt ein av dei lekraste på bana.


Skylinen sin tidlegare eigar, Kenneth Nornes putlar på med den nye BMW’en sin. Sidan Kenneth ikkje har lært seg å clutche skikkeleg enda, så trengs det ein del overhaling.


Medan flesteparten av nerdane ser ut til å måte skru seg halvt ihjel, kan Ørjan Nilsen slappe av på stand up, medan Soareren står køyreklar i garasjen.


Øyvind Slinde har blitt luremusa av Peppes. Kor mykje 3-4 personar et er visst eit definisjonsspørsmål.