Etter ei vellukka helg, surfar Christian Bakkerud på kjendisbølgja. Men når eg tenkjer meg om så gjer han vel det kvar einaste dag. Men uansett, i dag er han i BA, så om du kjem over eit eksemplar, så kjøp og ramm inn. Ut frå overskrifta på artikkelen, så reknar eg med den handlar om då Bakkis traff web-ansvarleg for første gong, og fekk føle på sjarmen som underteikna innehar.


Nyenerden, Petter Lauvås, er gira på trening i dag. Men Petter, slutt å øydelegg bilda dine med snåle folk. Det er gale nok at du sjølv er med på nokre av dei.


Steffen Tveite står framfor nokre vanskelege val…


Arve Brekkhus styrer på. Perfeksjonisme er ei tidskrevjande tøs, som det heiter seg, men du veit det vert bra til slutt.



Kenneth Johnsen, som var inspirasjonskjelda til The Transporter-filmane, er ikkje alltid like imponert over det han ser i bransjen.


Nokon som melder seg til å hjelpe Lars Magne Kløve? Sjølv har eg kraftig allergi mot det å måle.


Då har eg meir sansen for denne bilen som Lars Magne såg hin dagen. I alle fall heilt til eg fann ut at den ikkje har 4A-GE. Eit så tøft karosseri, men så utan 4A-GE? Bortkasta.


Godseigar Kim Mathisen, farmer by day, drifter by weekend, eller noko slikt.
img_0248.jpg