IMG_7863.JPGArve Fluto Brekkhus vart kjend med drifting i 2008/2009 då han byrja å jobbe saman med Kim (Søndergaard). Sidan det har han vore med som hjelpesmann for Kim fram til 2014-sesongen. Etter å ha blitt med Alvin og Kenneth (Nornes) til Mantorp har han vore med Alvin på omtrent kvart einaste treff i år. Enkelte onde rykter påstar at Arve gjekk over til Alvin på grunn av at Kim har for liten turbo, men dette er ikkje bekrefta.

Våren 2012 kjøpte Brekkhus seg ein sjeldan to-dørs Subaru Impreza, som han skulle bygge driftebil av. Han tok derfor turen til Sverige og kjøpte ein Supra til donorbil. Imprezaen har hittil fått både for- og bakstilling frå Supraen, samt 2JZ’en og Dogbox frå Reidar/RFS Performance. Denne bilen står dessverre halvferdig framleis då Arve har ei heil rekke andre prosjekt, samt at han er elendig til å prioretere. Det hjelp heller ikkje at han skrur for alle andre i tillegg.  Pga dette kjøpte Arve seg ein Skyline (“Shabbyline”) i haust, som skulle brukast opp på Driftweekend. Missilen fekk køyrd seg litt på Driftweekend og på to treninga etter dette.

I tillegg driv Brekkhus selskapet Pluto Performance, som eigentlig er eit skalkeskjul for å sponse nokre få som han sjølv syns verkeleg fortener det. Då blant anna Kim og Alvin. Pluto Performance starta på spøk i garasjen heima hjå Arve, men vart meir seriøst då Alvin ein dag sendte snap til Arve, av ein logo han hadde laga til han.

IMG_7880.JPG