Intervju: Stine Djønne Nornes

I oppkøyringa til Driftweekend 2022 (heretter DW) slo det ei bombe ned i riksmedia. Maria Djønne Pedersen stod fram på alle avisframsider og proklamerte at ho no var den nye DW-sjefen, samt at ho endeleg hadde fått lurt til seg eit mannabein. Ute på sidelinja sat storesøster Stine Djønne Nornes, tidlegare DW-sjef, utan å seie eit ord. Driftnerd skjønte at det her var snakk om meir enn ugler i mosen, kanskje var det til og med ørn i lyngen. Vår gravande journalist tok ansvar og intervjua Stine for å kome til botn i saka.

Driftnerd:  Etter mange år som DW-sjef skal du no gi deg. Kva gale har dei andre gjort sidan du sluttar?

Stine: Det er umogleg å få dei til å høyre etter! Neida, det er på tide å gi seg no. Kaupanger Driftweekend treng nye tankar og idear! Og der er Maria rette dama.

DN: Bortforklaringar og tåkeprat der altså. Då stemmer ryktene om ein tung maktkamp på toppen, der den yngre søstera har slege ut den eldre?

Stine: Ja, men eg lot ho vinna! Eg har ikkje den same given som eg hadde for nokre år sidan, men det har ho, so då passa det bra.

DN: Ja, ho har vel vore singel nokre år no, so ho har vel litt av kvart å gi. Men føler de at det er etisk korrekt å la makta grå frå den eine søstera til den andre?

Stine: Ho er ikkje singel lengre no då. Etisk og etisk, det stod ikkje akkurat folk i kø for å ta over.

DN: Demokrati er ei styringsform som ikkje høver seg i Sogn Motorsportklubb (heretter SMK)?

Stine: Joda! Det er so demokratisk som det kan vere uten at ting stoppar opp.

DN: Dei orda har vi høyrt mang ein diktator sei før deg. Men no er du i alle fall ute av leiinga, eller held du deg i styret framleis?

Stine:  Eg likar å tru at eg hadde vore ein knakande god diktator! Er er enklast å ha med å gjere når eg får viljen min. Eg har faktisk aldri vore i styret til SMK, men til neste år har eg jo mykje ekstra fritid på denne tiden av året, so kanskje eg kan engasjere meg meir då?

DN: Ei maktoverdraging i DW-leiinga, der du gir frå deg makta til vetlesøstera, samstundes som du er på veg inn i SMK-styret med stormskritt, iført jarnstøvlar med piggar. Og vi skal tru på at det ikkje eigentleg er du som styrer vetlesøstera og DW med jarnhand frå skuggane?

Stine: You wil never know! Men det skal seiast at det er jammen ikkje sikkert eg vert invitert inn i SMK, etter at eg har masa hol i hovudet på folk i åresvis grunna KDW.

DN: Underteikna har sjølv vorte lettare hjarneskada av masinga di, so eg ser poenget ditt. Likevel har eg høyrt at søster di masar enda meir enn deg, so eg er usikker på vegen vidare. Kva tenkjer du å gjere under årets DW, når du i “teorien” ikkje har ansvar lengre?

Stine: I år skal eg vere assistenten til Maria, og elles prøve å få tid til å faktisk sjå litt av køyringa. DET må eg innrømme at eg gledar meg skikkeleg til.

DN: “Assistenten” ja. Med andre ord noko HEILT anna enn du er van med. Puppeteer eller ikkje, eg ynskjer deg lukke til med årets DW og med den framtidige diktatorkarriera i SMK.

Stine: Takk for det. Plutseleg so ringer eg og masar på deg igjen.

DN: Eg har for framtida blokkert nummeret ditt, so det skal gå fint.