Intervju: Aud Inger Sviggum

Foto: Renate Buene
Jørgen Tangen er eit namn dei fleste i Noreg har smakt på. Den internasjonale driftingstjerna frå Kaupanger vert stadig meir kjend. Men det er ein annan i Jørgen sin familie som er like viktig, om ikkje meir viktig, for Kaupanger Driftweekend, nemleg hans vakre storesøster Aud Inger. I mange år har ho lagt ned eit stort arbeid for at DW skal gå smertefritt. Driftnerds utsendte reporter kjemma håret med brylkrem, kamuflerte kvisene med dekkstift og slo av ein nervøs prat med skjønnheiten.
DN: Først av alt; reint bortsett frå slektskapet til Jørgen, kvifor orkar du å vere med på å arrangere DW år etter år?
Aud Inger: Eg tykkjer det er stas å få bidra til denne storhendinga på Kaupanger. DW set staden på kartet innan motorsport. I tillegg er det eit veldig opent og inkluderande miljø. Eg må nok takke Jørgen og Onkel Kjetil for at eg fekk augene opp for denne gjengen. Eg har blitt kjend med mange herlege folk, og eg er alltid imponert over kva vi får til. Arbeidsmoralen er høg, det same er sansen for å ha det moro. “Kom som du er” – med låge skuldre. Eg likar at det er ujålete.
DN: Du har tydelegvis eit reint og godt hjarte, som brenn for dine medmenneske og ditt nærmiljø. Men høg arbeidsmoral, er ikkje det å ta hardt i? Er ikkje alle med berre for å få feste?
Aud Inger: Hehe, vel. Drifting er i alle fall arbeidskrevjande, sommar som vinter. Aller mest imponerer eldsjelene som har haldt anlegget, aktiviteten og klubben i gong over so mange år. Og JA, dei lagar gode festar. Det har eg i alle fall høyrt.
DN: Eg har også høyrt rykter om det, utan at eg er populær nok til å bli invitert sjølv. Kanskje vi kunne gått i lag? Elles er det jo ikkje å legge skjul på at drifting som sport er veldig mannsdominert. Korleis er det å vere kvinne i eit slikt miljø?
Aud Inger: Heilt topp, er det korte svaret. Ukomplisert og kjekt! Og eg er slett ikkje åleine. Her er venninner, mødre, døtre, ektefeller, motorsportinteresserte jenter i alle aldrar. Det er berre å ta kontakt – her er det lett å bli med.
DN: So du har altså ikkje opplevd slibrige forsøk på dine kvinnelege attributtar frå middelaldrande herremenn?
Aud Inger: Nei, ikkje enda. Det har gått veldig fint.
DN: Det skuldast nok ikkje dine vakre attributtar so mon tru om det skuldast dei høge kostnadene ved drifting? At dei ikkje ser seg råd til fast, kvinneleg bekjentskap?
Aud Inger: Det er nok mest sannsynleg ja. Det er nok heller ingen aktuell sponsor for slikt dessverre. Og so har eg fast fylgje, so det kan vere fleire grunnar.
DN: Fast fylgje? Å faen… Ok, vidare… Som storesøster til Jørgen, ein av Noregs beste driftarar; er det mange som smiskar med deg for å kome eit steg nærare superstjerna?
Aud Inger: Veit du, det har eg ikkje tenkt på. Folk har vore kjekke frå dag 1, men sidan du no spør… Eg set uansett pris på alle som tek kontakt, det er berre moro. Inkludert potensielle sponsorar for Tangen Drifting, det treng vi om han skal satse vidare!
DN: Ta det heilt med ro. Falske vener er også vener, pleier eg å seie. Eg ser i alle fall for meg at det er betre med falske vener enn ingen vener. For det er veldig einsamt utan vener. Trur eg. Tilbake til Jørgen; er han framleis den same til trass for suksessen, eller har han vorte ei ufordrageleg klyse etter at han vart kjendis?
Aud Inger: Eg tykkjer eigentleg det hadde vore passande for han å leggje opp no, etter den fantastiske opplevinga hjå Toyota Sogn. Det å få køyre med sjølvaste Fredric Aasbø, større blir det ikkje. Og so på heimebane! Men Jørgen er seg sjølv, heldigvis. Han tek det med fatning.
DN: Det er nok utelukkande på grunn av deg og din avbalanserte og trygge utstråling. Som den ungdomen du er, so er du ein av DW sine ansvarlege for Sosiale Media, eller SoMe som det vert kalla. Kva er den heitaste SoMe-appen for tida?
Aud Inger: Vi har eit hyperungt team med både jenter og gutar. Maria er sjefen og Stine nestsjef – sjølv om dei har byrja å dra litt på åra. Eg får lov til å vere koordinator/tilretteleggjar. Følg oss på Facebook og Snapchat, og vi er på veg inn på TikTok.
DN: Slike Facechats og Snaptaks er utanfor min forstand. Har du nokre SoMe-tips for oss som er over 60?
Aud Inger: Fysisk oppmøte på DW er det aller beste. Vi håpar mange finn vegen til motorsportanlegget på Kaupanger. Du finn livestream på Direktesport og på hovudsida på Facebook; Kaupanger Driftweekend. I tillegg er vi på Snapchat; KaupangerDW og vi låner Snapchat-kontoen til FMK Media.
DN: Det var mange framandord for meg, men eg er sikker på at ungdomen forstår. Eg takkar deg audmjukt og ømt for at du tok deg tid til dette intervjuet, og ynskjer deg lukke til med KDW22.
Aud Inger: Takk. Eg sender ei ekstra helsing til tilreisande og alle som støttar og jobbar for å få til ei skikkeleg bra helt. Og til alle naboar: det er stort at vi har plass til “alle” her på Kaupanger. Tusen takk!