Groupies

July 5, 2017
0

Jørgen Tangen levde kjendislivet i helga. Babemagneten slit stadig med overivrige fans. Til og med popstjerner som Sandra Lyng elskar drifteguten.


Kim Søndergaard er på si side lei av groupies, og sendte dei vekk i helga, slik at han kunne leve ut sin bærekraftige, veganske livsstil.


Redaksjonen tippar 9 minutt. Kva tippar du?


Vi tippa jaggu rett. Det må vere fordi vi kjenner Kim’en og hans skillz så utruleg godt. Evt fordi vi juksa. Kor lang tid brukar du på din girkasse?




Ein annan som skulle til Dagali var Oddbjørn Hauglum. Men først ein tur til superdrifter og sjølvlærd mekanisk geni Alvin Lægreid til å hjelpe Oddis’en å spøte saman kjerra att. Laust innsug, sprekk i eksosmanifold og generell fjuskipjusk er ingen match for den dødelege kombinasjonen Lægreid/Hauglum.


Oddbjørn sin S14 tilhøyrde tidlegare Petter Nes Olsen. Den har sjølvsagt ein RFS tuna 2JZ, med konservative 520 trygge hestar på nav. Samtlege vart brukt i helga på Dagali, då Oddis endeleg fekk slept dei skikkeleg fri.