Frøya del 1

Det nærmar seg runde 3 av NM, denne gongen på Frøya.
Alvin Lægreid har litt å gjere før det tek laust.
Litt meir reklame på plass.
Stig Smygen Wilhelmsen har lasta opp Omegaen.
Kenneth Nornes rakk akkurat å dra ut sin nyfødde son, før han drog avgarde.
Ørjan Nilsen klar i sin lekre Soarer.
Alvin og co-pilot Arve Fluto Brekkhus er mindre imponert over turistanes inntog på smale, norske vegar.
Kenneth og Alvin framme på Frøya.
Alvin med co-pilot Arve lærer seg bana.
Kenneth med co-pilot Fredrik Stokkanes.
Det skal ikkje mykje køyring til før det første dekkskiftet må til. Smygen er ikkje verre på det enn at han tek ansvar sjølv.
Ørjan Nilsen har nettopp sprengt sitt første dekksett for dagen.
Det er ikkje berre driftebilen om treng suppe.
Med full funk i bil og kropp er det klart for kvalifisering.
Superspeaker klar til innsats, med si fløyelsmjuke, men særs maskuline stemme.
Superdommar Bratfos gjer klar til kvall.
Snikreklame på plass på Frøya.
Dag 1 og kvalifisering ferdig. Smygen, Ørjan, Alvin og Kenneth kvalla med glans. Men Alvin og Kenneth skal dessverre møte kvarandre i top 16.
Då er det berre å puste ut og legge seg tidleg, slik at ein er klar for finalane neste dag.