Kenneth Nornes sin BMW “M2JZ” er stappfull i høgteknologiske nyvinningar.


Petter Lauvås hadde ein vellukka trening på Eikås i går.


Han fekk faktisk brukt opp eit heilt dekksett. Rett nok var dei halvslitte frå før av. Men det ryktas om at guten klarte å spinna opptil fleire gonger.


Skulle noko på bilen ryke, så har i alle fall Pettern tilgang på reservedeler.


Eit filmcrew, i altfor trange bukser, var møtt opp på Eikås, for å dokumentere Lauvås. Det er snakk om ein dokumentarfilm som kjem til å bli screena i Holly- og Bollywood, Cannes og Norge Rundt.


Ørjan Niilsen var godt gira og, og Soarer’en funkar framleis som fjell. I den grad ein bil kan fungere som eit fjell. Vil ein eigentleg ha ein bil som fungerar som eit fjell? Eit fjell står jo dønn i ro. Det spinn heller ikkje. Nei, no skjønnar eg ingenting. Godt det er fredag. Skål!