Det var den årlege Camp Øversveen i helga, der Øyvind Øversveen (og hans vakre, langt betre halvdel) inviterar venner og fans til gards, for ein samfunnspolitisk tenketank om dagsaktuelle verdsproblem. Mykje skulle planleggjast og førebuast. Her er litt bilder frå før, under og etter treffet.

Det er viktig å ha antrekket i orden når ein skal møte sosieteten frå det øvre sjiktet av den norske populasjonen. Øyvind har handla.

Øyvind har til og med vaska Supraen til helga.

Mini Supraen er og klar til helgeinnsats.

Men det spørst om den planlagde bana vert klar.

Med karakteren “Særs godt” i heimkunnskap på ungdomsskulen så seier det seg sjølv at Øversveen er flink til å dekke til fest.

Dette er det einaste biletet av bassenget de får sjå, sidan resten dessverre måtte sensurerast av hensyn til fans under 22 år som besøker denne nettsida.

Her er nokre bilde frå ein av helgas aktivitetar. Oppfrisking i førstehjelp og livredning. Driftnerd vil råde alle til å halde denne livsviktige kunnskapen ved like.

Resten av bileta frå kvelden vart som tidlegare nemnd sensurerte. Vi har kun to bilete frå dagen derpå å vise til.

Kenneth Johnsen vart so ivrig i å vise at han har lært seg å spinne, at han gløymde å løyse bilen frå hengaren før han byrja.

Resultatet vart ein hengar med delvis ny farge, og blanke dekk.

Takk til Øyvind og Anne-Lene for at dei inviterar ein gjeng tullingar til ei fantastisk helg.