Besudling

Ein mann i kvit frakk besudla meg i går, i tre kvarter.

Eg har slite med uforklarleg mageknip sidan eg var liten. Doktorane eg har vore inne til har aldri brydd seg om å sjekke det ut nærare. Men etter eit år i utlandet, nesten utan mageknip, virka det sannsynleg at det er det norske kosthaldet som utgjer problemet.

Det som virkar sannsynleg no, er at eg har glutenallergi. Altså at eg reagerar på korn, mjøl, brødmat etc. For å få bekrefting på at eg har allergi måtte eg i går ta turen til sjukehuset og foreta ein coloskopi. Doktoren tek då ein 1,3 meter lang, bøygeleg slange og køyrer denne opp i ratata på deg. Frampå slangen er det eit lite kamera, som er kopla opp mot ein tv-skjerm, som gjer at doktoren kan navigere seg fram i tarmtottane dine.

Førebuinga til sjekken starta dagen før. Etter lunchtid hadde eg ikkje lov å ete noko som helst, men kunne innta klare væsker. Eg haldt meg til vatn. Klokka 18 drakk eg eit middel som heiter Phosphoral, eit middel som skal renske og tømme tarmane. I motsetning til komifilmar, der driten flaumar ut så fort du har teke siste slurken av middelet, tok det ein halvtime før det byrja å virke. Då var det om å gjere å finne seg ein ergonomisk stilling på doskåla, og setje seg til rette der. Innimellom slaga var det berre å få på buksa att og drikke masse vatn, slik at eg skulle få reinska opp innvortes.

Godt sliten i tarmen, og svolten som ein anorektisk flodhest, la eg meg til å sove. Klokka 0600 velta eg meg ut av senga for å innta neste brukardose av Phosphoralen. Med handa for nasen slukte eg ned styggedommen og kvelva i meg noko vatn, medan eg førebudde meg på nok eit lengre do-opphald.

Klokka 14 vart eg henta inn til det vetle, kvite, sterile rommet der voldtekten skulle ta plass. Ei søt, lite sjukesøster tok imot meg og hadde tydelegvis i oppgåve å berolige dei som kom til slike undersøkingar. Ho skjønte sjølvsagt fort at eg var like barsk som Stallone, og at eg ikkje trenge noko ekstra omsorg, så ho ba meg heller kle av meg. Med eit laken rundt familiejuvelane og baconet mitt var eg klar til penetrering. Eg la meg på rygg på undersøkingsbordet, med eit bleieliknande underlag strategisk plassert under meg, i underlivshøgde. Her skulle det tydelegvis verte søl.

Sjukesøstera skulle så setje ei kanyle i handa mi, slik i tilfelle eg skulle trenge sentralstimulerande narkotika undervegs i undersøkinga. Dessverre klarte ho ikkje å finne blodåra, sjølv om ho rota rundt som ein epileptisk fyllik med nåla. Men etter å at ho røska ut nåla og fann fram ei ny, klara ho omsider å finne ei passeleg ei. Ein god start på undersøkinga.

Lækjaren kom inn døra, og til min glede var det den same som hadde foreteke gastroskopi på meg nokre månader tidlegare. Ein venleg doktor med sterk aksent frå eit eller anna austblokkland. (Gastroskopi er når du får slangen ned i halsen). Eg tenkte for meg sjølv at dersom nokon skulle ta jomfruhinna mi, var eg glad det var ein eg i alle fall kjende litt.

Doktoren gjekk gjennom den vanlege høfligheitsrutina medan han fann fram noko krem, og plutseleg, utan forvarsel, kjende eg ein finger langt oppi bakvendtland. Eg skvatt og rykte til, og fekk klar beskjed om at eg måtte slappe av. Slangen vart ført inn, og i byrjinga låg eg på venstresida og fekk dermed sjå live-overføringa på TV. Det var merkeleg, men spanande å sjå seg sjølv innvortes, men diverre var det ikkje mogleg å få med seg eit opptak heim. Dersom du har sett filmen Alien, kan du nok tenkje deg korleis det kjendes å ha ein slange langt opp i tarmsystemet. Slangen blåste ut luft og vatn, så det bobla og kitla i magen, men det var ikkje akkurat komfortabelt. Til tider, då røyret vart pressa opp mot ribbebeina, føltes det ut som om det kuppelhovuda alienet skulle sprenge seg ut av brystet mitt kva tid som helst. Slik sett kan du sei at denne undersøkinga gir oss menn ein smak på korleis det er å vere gravid.

Lækjaren styrte slangen opp og ned, til venstre og høgre, men hadde store problemar med å kome fram der han skulle. Eg måtte derfor snu meg frå venstre sida og over på ryggen, derfrå måtte eg snu meg over til høgre sida, og etter ei stund over på ryggen att. Slik styra eg på som ein akrobatikar, medan eg hadde eit 1,3 meters lang slange skyvd inn i sluket, som tafsa på tarmane mine. Lækjaren vart meir og meir frustrert, og satte sjukesøstera til å presse på magen min, for om mogleg å få lettare adgang til den delen av tarmen han ville besøke. Men etter 3 kvarter gav var han regelrett utsliten, og beklagde seg då han gav opp.

 Sliten og svolten, og med ei kjensle av å ha vorte befrukta av romvesen, kraup eg av bordet, medan magen bobla av all lufta som hadde blitt sprøyta inn der. Etter eit dobesøk kledde eg på meg og fekk fjerna den ubrukte kanylen i handa. Eg bevega meg mot døra og kasta eit siste blikk på rommet. Attende på operasjonsbordet låg møydommen min. Den siste tingen eg la merke til gav meg skjelvingar, og fekk meg til å be på mine knær om at sjukehuset tek sterilisering av utstyr på alvor. For var ikkje den slangen eg hadde fått trykka opp der pepperen gror, kliss lik den eg tidlegare hadde fått servert ned i halsen?