5 raske: Øyvind Slinde

Driftnerd : Etter ei mannsalder som dugnadshelt under Driftweekend, har du no endeleg fått bilen i gang og er klar til å vise kunstnane dine. Kan du fortelje litt om bilen?
Øyvind : Hehe, helt og helt. Men ja, denne bilen var noko som regelrett datt opp i fanget på oss som eit «stranda prosjekt». Sidan den var so billeg måtte me jo berre handle. Bilen er ein krysning mellom Silvia og 180sx, og går under betegnelsen Sil80 blant kjennarar. Men blant oss i #Flokken har ho fått kallenavnet Elskerinna. Grunnen er at eg er med i Team Nornes på alt av treff som mekanikar, og er med hans bil i det daglege. Men so snik eg meg til å skru litt på den Sil80’en av og til. Eigentleg skulle ho hatt ein anna motor i seg, men da vart litt endring i planane då nokon i Kina fann ut at dei skulle gnage på eit merkeleg dyr, og vi dermed fekk Covid19. Dermed har vi kasta bilen i hop med original motor, og håpar at det skal halde lenge nok til at me får herja litt under KDW20!
: Du er jo godt kjend i det norske driftemiljøet, då du har vore med på treff både i inn- og utland, som ein fantastisk hjelpesmann for andre driftarar. Korleis vert det no å heller sitje i bilen og faktisk køyre sjølv? Har du fått med deg eigne mekanikarar som hjelper DEG denne gongen?
: Det vert jo ganske spesielt å skulle køyre sjølv att. Det byrjar å bli nokre år sidan sist eg var på bana med eigen bil! Men eg tvilar på at eg klarar å halde meg heilt vekke frå å hjelpe dei andre i Team Nornes som stiller med bilar i år! Dei fleste veit jo kor flinke dei er til å krase bilar. Eg har heldigvis med meg min fantastiske sambuar Marie på laget. So eg har tenkt å tvinge ho til å vere handlangar og til å byte dekk meg. Elles har eg depot saman med resten av #Flokken, so litt hjelp får eg nok garantert om eg skulle trenge det!
: For dei som har fått æra av å bli kjend med deg, so forstår ein fort at du er blant dei mandigaste av menn. I desse kjønnsforvirra dagar er dette sjeldan kost. Kva skuldast denne maskuliniteten?
: Eg får sei som eg seie til kidsa våre når me e på treff: «De må ete opp maten dykkar slik at de orkar å vera med på denna galskapen!» Utanom det so hjelp det å drikke brunt brennevin.
: Driftweekend har jo fort blitt eit legendarisk arrangement innanfor norsk drifting. Kva tenkjer du er årsaka til suksessen for KDW?
: Eg meinar at ein av årsakene er at DW er synonymt med litt sunn galskap. Dette har vanlegvis vore det siste treffet i sesongen. Det betyr at bilane som kjem allereie er litt slitne etter ein lang sesong. Dermed gir førarane litt ekstra for å lage show! Ein har jo trass alt heile vinteren å skru saman bilen på, eller? Ein annan veldig god grunn er at dei som arrangerar KDW står på og gjer ein kjempejobb for at treffet skal bli kjekkast mogleg, innafor dei rammene som er! Og når arrangørane går inn med den innstillinga so blir treffa bra!
: Kva gledar du deg sjølv mest til under årets KDW?
: Eg gledar meg mest til å få treffe att mange av dei kjekke folka som eg møter i den vanlege sesongen, og det no her på vår EIGEN arena. Og med «TREFFE» meinar eg sjølvsagt å treffe døraene og bakskjermane deira!
Me takke gutane for kjekt innspel! Ein liten fulg har og kvittra at det muligens kjem nokon fleir – så følg med vidare