TT17 dag 3

Driftnerd arrangerte Turbotour 2017 den 12. til 14. mai. (www.turbotour.no)
Her er bilder frå dag 3, Sundag 14. mai.
Kl 10:00 gjekk startskotet, og bilane rulla samla ut frå parkeringskjellaren til Hotel Grand Olav i Trondheim.
–
Det var visst ikkje alle som rakk frukost. Då var det godt at sponsor Europris Sogn hadde gitt rabatterte Redbull i goodiebagen til deltakarane.
–
Medan TT17 deltakarane haldt seg godt innanfor lova, holdt onkel på å gå på ein smell.
–
Første samling etter Trondheim, for å samle bilane. Enkelte bilar (les særleg: Trans Am) måtte ha fleire stopp enn andre, grunna bensin. I tillegg var E30’en også i dag litt trege opp av senga.
–
For dei fotogene er det mange moglegheitar til å ta passfoto langs vegen..
–
Når ein køyrer i kolonne, vert det mindre jobb på copiloten. Utan ansvar for kartlesing er det fort det vert ein blund.
–
Vi fekk dessverre ikkje sett verken moskus eller mammut over fjellet.
–
Framme på Otta var det herleg mat på Pillarguri Café.
–
So var det på tide å setje nasen heimover mot fagre Sogn. Det store spørsmålet var korleis vêret ville bli over Sognefjellet.
–
Oh shit.
–
Drikkepause for bil og deltakarar på Lom, medan Mini Cooper CM’en køyrde i førevegen som vêrdame.
–
Mini’en kunne melde om eit par plussgrader og kun snøflukser på toppen. Så det var trygt for resten å leggje i veg.
–
Glamourshot i brøytekanten.
–
Trygt over fjellet og parkert for ein fotoshoot på Turtagrø.
–
Med kun kort tid heim, var det halvveges trygt å la copiloten ta over rattet.
–
Fjell og fjord i anmarsj. Det er godt å kome til heimlege trakter.
–
Hilux Arctic Truck’en måtte tøffe seg litt i tunellen.
–
Oppstilt utanfor Sogndal Kulturhus, klar til avslutning.
–
Øyvind Slinde fekk 25% av stemmene i kåringa “Årets Deltakar TT17”. Ei kåring av den som skapte mest positive vibbar på turen. Vel fortjent! Slinde fekk ein flott glaspokal med inskripsjon gitt av sponsor A1 Reklame.
–
Amanda Pettersen og Sigmund Dalaker kom nærast i å tippe kor mange kilometer årets deltakarar køyrde totalt. Dei vann 5 gratis børstevask, gitt av sponsor Toyota Sogn.
–
So var det berre å kome seg heim og leve på minna etter turen.
–
Ingen fisk gjekk til skade under produksjonen og utførelsen av TT17.