TT17 dag 2

Driftnerd arrangerte Turbotour 2017 den 12. til 14. mai. (www.turbotour.no)
Her er bilder frå dag 2, Laurdag 13. mai.
Ingenting er som å sløve seg i senga, med Brannmann Sam på hotell-tv’en…
–
…men dette var ein ny kombinasjon.
–
Andre deltakarar nøyar seg med å renske snyteskaftet. Avhengig?
–
Det er viktig å sjå bra ut på Turbotour. Faktisk har samtlige av årets deltakarar fått terningkast 5 eller betre mtp utsjånad, av VG-nett sin moteredaksjon.
–
Etter ein kattavask, evt støvpuss, var det tid for å krype ned i frukostsalen for eit lass av Gudane si beste oppfinning, bacon. Kva hadde eigentleg verda vore utan bacon? Bacon. Eg elskar bacon. Bacon burde eigentleg alltid skrivast med stor B, slik Gud skal skrivast med stor G. Bacon. Må ha bacon.
–
Vi vakna til eit fantastisk vêr i Ålesund. Det var nesten slik at vi byrja å skjønne kvifor det faktisk bur folk der.
–
Etter frukost gav The Bandits Trans Am’en ein velfortent vask.
–
Andre tok ansvaret for hotellrekninga, med sitt halvsvidde Visakort.
–
Og i det bilane byrja å stille seg opp for bildetaking, på kaia utanfor hotellet…
–
…fann andre ut at dei skulle stå opp.
–
Halvtrøytte og småmorskne fekk dei i alle fall drege seg ned til frukost.
–
Medan resten av gjengen stod og trippa utanfor.
–
Nei, ikkje stress de…
–
E30’en kom etterkvart, med to slitne karar i, og vi fekk stilt opp til bildetaking.
–
Erlend og Tommas, vår motorsykkeleskorte frå Ålesund til Kristiansund, fekk også vere med på bilde.
–
Før Tommas fekk litt dytte-start-hjelp til sin Aprillia, der batteriet sjølvsagt hadde tømt seg.
_
Så var det ut på hjul igjen. Neste stopp – ferja til Molde.
–
Kven skulle tru kolonnekøyring kunne vere so kjekt?
–
Bandits on the move.
–
Trans Am maskinerisjekk på ferja.
–
Nærmar oss rosebyen.
–
Det å ta ferje trigga visst litt skitkasting.
–
Natur og slikt.
–
Samling etter ferja. Arrangøren måtte roe ned deltakarane, og få dei inn på rett spor att etter skitsnakket.
–
Men utan hjerneimplantert gps er ikkje alltid vegen so lett å finne, noko vi ganske raskt etter Molde fann ut, då halvparten av bilane skar ut i kvar sin retning.
–
JDM Evoe’n har kanskje rattet på feil side, men har full kontroll når det kjem til kart og skilting.
–
Men etter litt surring var heile gjengen på rett vegen att.
–
Og ikkje lenge etterpå nådde vi hovudmålet vårt; Atlanterhavsvegen.
–
Wallpapershot av GT86’en.
–
Arctic Truck Hilux.
–
E30.
–
JDM EVO VI.
–
MR2 mk2.
–
BMW 135i.
–
Vi rulla vidare, og kom til Kristiansund, og Bryggekanten Brasserie for litt lunsj.
–
–
Fantastisk lekre hamburgerar og sliders.
–
Ikkje alle var like ivrige på å parkere på oppmerka plassar i Kristiansund.
–
Dermed vart lunsjen litt dyrare.
–
Bilane måtte få litt suppe til lunsj dei og. Sjølv om storetaren Trans Am et fleire måltid enn ein hobbit.
–
Og vipps så var det ny ferje.
–
Men det å stige inn og ut av bilen, stappfull i burger, hadde sine bakdelar…
–
Alle bilane slapp unna TT17 utan mekaniske problem. Det næraste vi kom var at E30’en sleit med musikkanlegget sitt. Kan hende avdi dei hadde fyllt opp bagasjerommet med ein basskasse på størrelse med fryseboksen til eit storkjøken.
–
Trans Am’en har ått over til svart-kvitt film noir køyring.
–
Etter ferja breidde det om seg med Facebook messenger-basketspel hjå copilotane. Men ikkje alle takla nederlag i spelet like godt.
–
Rota til alt ondt/spredninga av basketspelet, tok kritikken med nusande ro.
–
Imens, ein time bak skjema, kom den eine Minien og S4’en i land. Dei hadde surra i Ålesund, og kome for seint til ferja dei andre tok. Skuffelsen var stor då det viste seg at den føkkings ferja kun gjekk ein gong i timen.
–
Enkelte av tregingane kunne i alle fall trøste seg med å sjå gjennom blinkskota sine frå tidlegare på dagen.
–
Hovedkolonna nærmar seg Trondheim og copilotane byrjar å bli øltørste.
–
Men ingen drikk so hardt som Trans Am’en.
–
Framme på hotellet var ikkje alle like imponerte over utsikten.
–
Heldigvis kunne ho stilne raseriet med sine flotte bilder frå dagen.
–
Uansett utsikt, så imponerte i alle fall heisen.
–
Medan tregingane fortsatt låg ein time bak skjema, kunne hovedkolonna byrje å tenke på mat.
–
Hotellet kunne by på tacobuffét, og hadde utruleg nok mat til alle. Til og med tregingane, som etterkvart dukka opp, fekk hive i seg litt taco burrito tequila salsa antonio banderas.
–
Kveldens arrangement var felles bowling. Men so var det dette med å finne fram i det høgteknologiske og urbane bymiljøet då.
–
Første bowlingekspedisjon enda visst ved utgangspunktet.
–
Etter kvart kom bøndene seg fram, og bowle i veg. Det er merkeleg at eit so enkelt konsept som bowling, kan vere so infernalsk vanskeleg. Toppfarten på kula stod Brede for, med over 40 km i timen.
Vi kunne ikkje innom Trondheim utan å få med oss Nidarosdomen.
–
Ellers var det mykje anna snodig å sjå i bartebyen.
–
Enkelte av deltakarane rota seg inn på NRK, og vil etter kvart vere å sjå på tv-skjermen på Beat for Beat.
–
Glenn Tage fann endeleg skulen han alltid har hatt lyst å gå på.
–
Heldigvis mista vi ingen her.
–
Det er uvisst kva Øyving oppdaga her…
–
Etter kvart vart nærma det seg leggetid, men då var det ikkje lurt å nett svitsje gjennom kanalane først. I alle fall ikkje når du treff på The Conjuring.
–
Robert sakna kunsten frå Waterfront, men fekk etterkvart sove.