Trening Laurdag

Laurdag og ein nydeleg haustdag for litt trening på Kaupanger. Gleda var stor for dei lokale driftnerdane, når utombygs driftnerds også valde å ta turen. Deriblandt Smygen.
Brynjar klar til action med sin strøøøøøkne 2JZ E30.
Petter har fått orden på S14 sin, og er klar til litt testing. 2JZ i denne og.
Steffen (Tveite) tok turen frå Voss.
Fin lineup med Steffen Tveite i front, Smygen, Arve, Brynjar og Petter.
Mens nokre kosar seg i røyken, skeiar Kenneth (Johnsen) ut med favorittpålegget. Det er jo laurdag.
Arve (Fluto Brekkhus) og Shabbylinen fekk seg ein del rundar.
Innsatsen var til tider veeel heftig.
Arve, Steffen med hatt? og Brynjar sjekkar ut Shabbylinen etter sprellet.
Shabbylinen ha ekstra luftinntak her og der. Tjuvtriks kallar vi slikt.
Kim (Mathisen) brukar heller laurdagen på å tette hol.
Som einaste V8’ar vart Smygen utsatt for litt trakassering.
Steffen sin 740 vart godt brukt i dag.
Utan kosting…
…og drikke, duger Reidar ikke.
Reidar fekk teste ut Shabbylinen. Enkelte hevdar at han mappa bilen medan han køyrde.
I mellomtida sit Christian og Kenneth (Nornes) på NBF årsmøte. Trendsettar Kenneth hadde tydelegvis påvirka generalsekretæren.
Johnsen har ete opp skiva si, og inspiserer tryggingstilkaka i garasjen sin.
Beste bilde frå treninga. Steffen på veg inn i rompa på Smygen. Men Omega’en søkte heldigvis dekning i depoet. Steffen påstår i alle fall det.
Diffen til Petter tok kvelden. Men han kjem garantert sterkare tilbake i 2015. Dette året skulle jo egentleg vere eit friår for helten.
Gavmilde Arve let Skylinen gå på omgang.
Johnsen håpar han får seg ein “omgang” han og…
Etter trening må bana ryddast. Då er det greitt med skikkeleg maskineri.
Omegaen kan brukast til å slepe dekkstablar og til pløyging.