Tor sin dag

July 13, 2017
0

Jørgen Tangen tok til seg det diskré hintet vi gav han i går, og er byrja å spekulere på driftebilen sin igjen.


Ørjan Nilsen har litt jobb føre seg, etter helgas tylekøyring på Gatebil. Dei fekk lappa Soarer’en noko lunde saman etter kræsjen, men det er langt frå den showroom-finishen som Ørjan vil ha.




Petter Lauvås treng pengar. Det gjer vi vel alle, men vi treng også at Petter får inn pengar. Då kan vi nemleg nyte synet av villmannen på bana. For å spe på økonomien sin litt, i tillegg til flaskepantinga, sel no Lauvås ved. Kvalitetsved. Det er faktisk slik ved hans 2JZ R34 går på. Gløym E85, ved er tingen!


Petter har hatt litt problem med motorfjusk og fanteri hittil i sesongen. Gatebil-helga var intet unntak. Vi reknar med det berre er systemet som må kvitte seg med restane av E85’en, før det kan fullt ut justere seg til bjørkeved av beste kvalitet.



Stig Smygen Wilhelmsen gjekk glipp av Gatebil pga jobb, men kjem sterkare tilbake ved eit seinare høve.


I mellomtida kan han kose seg med storfint besøk.




Kenneth Nornes har investert i ny massasjeolje.



Christian Bakkerud tuflar på i garasjen, no utan kaker. Kva han driv med er det ingen som veit, men det går rykter om installering av tjuvtriks.


Kenneth Nornes, Oddbjørn Hauglum og Brynjar Skahjem vil denne helga vere å finne på E30-meet. Nornes tek med 2JZ 2’ar BMW’en sin.