SwedSmyg

Stig “Smygen” Wilhelmsen treng inspirasjon til 2015 sesongen og tek turen til Steffen Rudsengen for inntak av litt flytande Captein-kreativitet.
Dagen etter har tankane klarna og planen ligg klar; Roadtrip til søta bror!
På turen finn han litt lovejuice til Omiigaen og.
Men før roadtrip’en har byrja skikkeleg, har han hamna i ukjend farvatn.
Og vaknar Bjørn Borg-style, med blanke hol i hukommelsen. Men han meinar å ha levert Omegaen på ein verkstad kjend for bølletriks og fanteri?
Men Omiigaen vekke! Bekreta parkert i gode hender kvelden før, men forsvunne dagen derpå. Det viste seg derimot at dei svenske skruvarane hadde parkert bilen utanfor, etter installering av heftige og hemmelege tjuvtrikseri. Deriblandt ein heftig dogbox og ny røykmaskin.
Med rasaren på hengar går turen heimatt.
Det freistar med ein prøvetur på vegen, men Smygen knip att og held seg på matta.
Det var ikkje berre Omegaen som kom seg forbi tollen. Inspirasjon på flaske.
Sidan går turen heimover i radig fart.
Obligatorisk isstopp på Voss, med litt spionering på Vossa-driftnerds.
Heime i garasjen att, kjem Joakim Hamlander innom for å gi litt av seg sjølv og si ekspertise.
Joakim har mæææd skills. Dette vert knall.
Når kreftene frå V8’aren skal ned på bakken, må ein oppskalere enkelte delar.
Med dogbox og muffenseri på plass er Smygen klar for Gatebil og NM/NC runde 2 i helga!