Sup?

September 15, 2017
0

Jørgen Tangen tek ingen sjansar fram mot siste runde av Noregs Cupen. Turen går derfor inn til RFS Performance for litt dyserens.


Vi får tru både dysene og Jørgen sjølv er tilstrekkeleg rensa etter so mange timar.


Petter Lauvås er også spent opp mot den siste runden.


Kenneth Nornes er vel kanskje meir nervøs, sidan Petter har fått lånt 2’aren hans (om det er lov å sei). Ein ting er å låne ut ein slik bil, men det å faktisk ha ballar nok til å tore å låne den? De er modige begge to!


Men kva er dette? Basseluskar på gang i Petterkroppen rett før takeoff til Våler?


Heldigvis ser det ut som at han kjem seg på beina att, og får fortsatt med førebuingane.



Og der er gutungen klar! Vi forventar ny pallplass på både Petter og Jørgen denne helga.


Medan Bimmern hans vert tafsa på av Petter, har Kenneth Nornes henta fram att Vespa’en sin. Han må jo ha eit eller anna motorisert å tukle med.


Øyvind Slinde ladar opp til siste runden på Våler med litt song og ei bøn til nerdane som skal i krigen.


Arve Brekkhus har prioriteringane i orden. Driftweekend på Kaupanger er i år den 29. og 30. september, og blir som vanleg årets høgdepunkt. Pass på at du tek turen!


Petter Nes Olsen og dei andre i Sogn Motorsportklubb er i full sving med å freshe opp den verdskjende bana.