NM2/Gatebil

Her kjem ein oppsummering av sist helg då det var NM runde 2 og Gatebil på Vålerbanen.
Fredagen var det oppmøte og kvalifisering for NM runde 2 for Pro.
Alvin Lægrei var så klar at det kribla i dei velstelte nasehåra hass.
Smygen klar, som alltid, i sin udødelige legende av ein Omega.
Men regnet vart ganske heftig før han vart sleppt laus.
Ørjan Nilsen klar med super-Soareren sin.
Heldigvis vart det tid til ein liten, forsiktig fest fredag.
Laurdag var det fritt fram, og Ken Robin fekk drege fram Lexusbeistet sitt.
Ken var fornøyd med køyringa, men var ekstatisk over den nye stolen sin(?)
Kenneth Johnsen og KE70’en klar til køyring.
Laurdag var det også kvalifisering og finalar for Semi-Pro. Kim Mathisen sikra 3. plass i runde 1 og var klar for meir pokalar denne runden. Kim kvalla på 3. plass og var klar for søndagens finalar.
Laurdag var det også finalar for PRO. Smygen, Nornes, Rudsengen hadde alle kvalifisert seg blandt topp 16.
Nornes vs Rudsengen i topp 16. Nornes vann.
Smygen slo Køhler i topp 16. I topp 8 vart det derfor Smygen vs Nornes, der Nornes gjekk vidare.
Bacon med svor-feitt bilde av Nornes, teke av Ida Cathrine Photography.
I Topp 4 møtte Nornes Salih, som vart hakket for kvast og stakk av med seieren, inkludert 1. plassen seinare.
I bronsefinalen kicka Nornes ut Solberg frå BDT og sikra 3. plassen.
Heime på sofaen sat fansen og skreik.
3. plass på Kenneth Nornes!
Alvin fekk tid til å skru litt, som førebuing til kvallik på Vålersladden om ettermiddagen, laurdag.
Ørjan Nilsen klar i sin sexy Soarer, han kvalla til Vålersladden som nr 13, og var godt nøgd med det.
Øyvind Øversveen køyrde med sin trufaste Supra MK4. Helten og legenden kvalifiserte til Vålersladden som nr 13.
Kenneth Nornes var ikkje like heldig på Vålersladden som på NM. I 200 km/t kom svingen litt brått på, og sandspruten var faktum.
Blinkskot frå Per Ottar Walderhaug.
Småtrist bilde frå Tore Staverløkk. R34’en fekk seg eit solid spank på stompen.
Alvin Lægreid ville ikkje at Kenneth skulle vere åleine om å køyre i sandfella, så han ofra seg for laget.
Brynjar Skahjem var også godt nøgd med laurdagens køyring. E30’en fekk prøvd seg på stor-gut-bane.
Christian Bakkerud var billaus, og kunne derfor nyte lunken brunbrus istaden.
På kvelden er det viktig å førebu seg til Vålersladden neste dag. Øyvind Øversveen valde å bruke kvelden til litt gymnastikk.
Kenneth Johnsen håpte derimot på besøk i helgas luksuskåk.
Arve Brekkhus var svolten, og vart imponert over burgerskillsa til Alm.
Stakkars Smygen vert regelrett V8-trakassert av sine turbovenner.
Søndagen var hard for nokre. Men ikkje for Steffen Svingen, som var pigg som alltid.
Finalane for Semi-pro tok stad søndagen. Kim Mathisen klar til pallplass.
Mathisen tapte mot Davanger (BDT) i Topp 4. Dermed vart det bronsefinale mot Svensson, som dessverre stakk av meg seieren. Dermed ein fin 4. plass for Kimmern.
Finalane på Vålersladden var også på søndagen.
Smygen vart spesielt invitert direkte til finalen, men fekk kun varma…
…for då rauk diffen.
Øyvind Øversveen fekk låne Mercen til Rudsengen sidan clutchen på Supraen var litt premenstruell. (bilde frå gatebil.no)
Bilde frå trening. (bilde frå J.E.M Media)
Og vår vakre, nyfriserte Øversveen enda på ein fantastisk 2. plass. (bilde frå gatebil.no)
Premieringen av NM-runden neste. Smygen…
…og Nornes med nytt PRO sølvtøy.
Kim Mathisen takes a pose (da dar va engelsk also), med helgas gevinst.
So var det berre å kome seg heimatt.
Stakkar Bakkerud…
Mens Kenneth Nornes kunne le heile vegen heim, med gåve frå sponsoren…
…og kake frå kollega.