StorFredag

Øyvind Slinde har fått mopeden ut frå garasjen. Han har i tillegg fjerna muffa i eksospotta, so no går den enda fortare enn før.
–
Kenneth Nornes sitt beist fekk tøffe seg på vårmønstringa. Og folk stima til for å sjå vidunderet, dette til tross for at det stod ein overtyla Volvo eit-eller-anna-40 stod like attmed.
Men nok show and shine, på tide å spenne beistet fast i havrebukken til Reidar og spent nokre ponniar inn i den.
Nornes JR er ein mann for framtida, og held seg til elektriske køyretøy, til far sin store frustrasjon. Men senior har i det minste fått trimma mini-atv’en litt.
–
Christian Bakkerud har fått pakke i posten. Og kva kan det vere i pakken som gjer Bakkisen overlukkeleg? Jo, kaker sjølvsagt. Bakkis er jo Driftnerd sitt offisielle kakemonster. For viss du sjekkar Samson AS på google.com, så får du opp: “Bakeri som leverer kaker, brød, smørbrød og catering”. Bakkerud also…
All kakeinntaket held Christian vaken om natta. Men då får han i alle fall tafsa litt på Cefiroen.
Og vipps, so var han komen til Gaupne for litt hestemontering hjå Reidar/RFS Performance. Kanskje ikkje so dumt med kakeeffekten likevel?
–
Smygen sitt favorittfag på skulen var kunst og handverk. Det er lett å sjå i garasjen og.
–
Det ryktast om at Erlend Petterson har slutta med drifting. Men at han har fått eit intenst hat til alt som har med bil å gjere, det visste vi ikkje.
–
Øyvind Øversveen saknar nok Supraen sin, men får av og til sett den i aksjon. Om det gjer saknet betre eller verre må han svare på sjølv.
–
Kim Mathisen sin Lexus byrjar også å bli klar. Snadder!
–
Det samme gjeld Morten Ivarsflaten sin merc. Men blir den nokonsinne ferdig?
–
Kim Søndergaard har fått inn ein shitload med dekk. Vil han få brukt dei opp? Då må han læra seg å spinna først.
Kor lang tid tar det før han bygger seg eit dekk-fort?
Kanskje han får betre tid til dekkstabling om han byter ut transporteren…
–
Arve Fluto Brekkhus har mange jarn i ilden. Og foliekuttar er berre eit nytt jarn av mange. Kanskje for mange? Brenn han seg aldri?
Ikkje før har han kutta eit par hundre meter med folie, så går turen for å hjelpe nokre grabukkar.
Snikreklarme likar me.