Steffen Rudsengen

Steffen Rudsengen – Pro drifter
(profilbilete av Henrik Oulie Media https://www.facebook.com/HOulie.Media )

IMG_7230.JPGSteffen byrja med bilcross frå han var 15-åring fram til han vart 22 år, då byrja han med Rally Nasjonal. Han køyrde rally i 3 år med ein Opel Ascona B. Men då planen var at bilen skulle strekkast og få nybygd motor, vart den heller ståande, for då tok driftinga overhand. Rudsengen kjøpte sin første driftingbil i 2010. Ein Nissan 200SX/S14 med V8. Han køyrde 2 løp i Semi Pro samme året, og vann det første løpet han køyrde. Dermed gjekk han rett over i Pro serien i 2011, etter litt tenking fram og tilbake pga økonomien. Resultatet vart samenlagtseier i Powerdrift Pro serien 2011. Etter dette vart det huskjøp, og køyringa vart berre for moro skuld, noko Steffen tykkjer er like moro, om ikkje enda kjekkare. I 2013 tok han ein 5. plass i NM. Nissanen fekk nybygd motor med 420HK og 600NM på hjul. Ein bil Rudsi hadde mykje moro. Denne vart likevel solgt vinteren 2014, då bygging av ny bil var på gang. No har han bygga ein Mercedes E-klasse 2011 modell, med LS-motor. Den er ikkje tyna heilt ut enda, men ligg no på 592 hk og 790 nm på hjul. Sjølv om den ikkje er heilt innkøyrd enda, ser den ut til å fungere bra så langt. Steffen seier han har trua på at dette kan bli en potent driftebil, og at det er artig å ha noko som ikke alle andre køyrer.

Steffen køyrer ein 2011 Mercedes Benz E-klasse med LS-motor på 592 hk og 790 nm på hjul.
Sponsor: DTE Systems.