Slik var helga

June 26, 2017
0

Oddbjørn Hauglum burde konsentrere seg meir om sin S14 enn om lekre bimmers. Mogleg vi må gi han eit spark i baken og få fart på han.


Øyvins Slinde ryddar, samtidig som han sender ut godt skjulte bodskap.


Petter Lauvås har fått lasta opp 2JZ R34’en og har kome seg på ferja. Målet er Norgescupen i Kristiansand.


Det same gjeld kaupingen Jørgen Tangen og hans 2JZ S13.




Vel framme er det klar for teknisk sjekk og godkjenning.



Laurdag.
Kim Mathisen er på plass med sin 2JZ IS200, og skal køyre i Pro-klassen.


Meanwhile, in Hundvin, at the Smygs place.



Tilbake i Kristiansand er Petter Lauvås i gang med nødreperasjonar etter litt FOR sexy køyring.




Jørgen sin S13 hadde ikkje behov for anna enn ferske dekk med sin übersmoothe køyring.


Kvalifisering i gang, men med ei litt småskummel byrjing. Blir det bra nok?


Men her var det viss ingen grunn til bekymring. Petter small til med ein 3. plass og Tangen på 5. plass på kvalifiseringen! Vil dei klare å toppe dette søndagen?


Kim Mathisen kvalifiserte seg lett til Top 16 i pro, sett vekk frå litt rompeknufling.


Tilbake i virkelegheita er Christian Bakkerud på gutetur med eldste sonen. Dei to karane har teke turen til bilcrossløp, og junior må prøve ut pallen, garantert med farens sigrar i minne.


Ørjan Nilsen tilbringer laurdagskvelden med nasen full i herleg glasfiber- og sparkellukt. Aaaah sparkel. Kvifor er det ingen som har laga ein deodorant eller after shave med sparkellukt?


Kenneth Nornes har trent på Kaupanger i dag, og slik gjekk det:



Petter Nes Olsen har midlertidig pensjonert seg frå drifting. Men ser ut som han har ein grei laurdag likevel.


Søndag, og gutane er klare for trening.


Jørgen med sin første skikkelege walltap.


Og Kim fortset der han slapp i går. No med heile lykta vekke.


Men litt buttslap’ing hindrar han ikkje i å delta i top 16. Dessverre vart det litt overtenning på OMT, og han rauk ut.


Petter Lauvås følgjer opp den gode kvalifiseringa med avanse til top 4.


Og det gjekk jo enkelt.


Lauvåsen knalla rett inn i finalen, og kven ellers enn med-nerd Jørgen Tangen venta der. Nerd on!


Etter ein heftig battle stakk Petter av med sigeren…


medan Jørgen Tangen altså enda opp med ein imponerande 2. plass på sitt første offisielle løp.
Gratulerar so mykje til begge 2. Dette er over all forventing!