Skreving

Kjære kvinne, her er ein forklaring til kvifor vi menn skrevar.
Menn er menn, i alle fall dei fleste av oss. Og driftnerdane meir so enn andre. I det siste har det vore ein del snakk om skrevande, egoistiske mannfolk. Driftnerd tykkjer vinklinga i media har vore for einsidig og vil gjerne kome med våre synspunkt. Det fins nemleg fysiske grunnar til kvifor vi menn ikkje klarar å sitje med beina tett. Eller gud forbi med beina tett i kryss, ja med det eine beinet over det andre. Justin Bieber og enkelte andre tvekjønna klarar dette, men ver snill å ikkje samanlikne menn med den førpubertale fjåsa.
Men altså, det fins ein grunn til at vi må skreve. Ein grunn som skil menn frå kvinner. Nemleg forplantningsorganet som stikk ut mellom føtna våre. Dette organet består av ei sjøpølse med to ballar i ein skrukkesekk. Ballar som lev sitt eige liv. Pilten i seg sjølv er jo vand med ein del juling, både frå eigenhand og frå andre meir feminine skapningar. Men det var desse ballane då. Når dei frys trekk dei seg saman og vert kompakte som ein stressball, noko som gjer at vi mosar dei om vi må klaske låra saman. Like gale er det når det er varmt, då strekk pungrotta seg ut som ein godt tygd seigemann. Faren ved samanpressa lår er at dei då kan stikke ut forbi låra slik at vi set oss på rakkarane. Ved begge uheldige høve breier smerta seg umiddelbart frå ytre punghår opp til nyre, lunger og venstre hjørnetann. Vi mistar pusten og går inn i spastisk sjokk om ikkje vi får slept grevlingane fri. Så kvifor vil du oss så vondt kvinne? Eg skjønnar deg viss du er av det fornuftige slaget som set pris på andre kvinner, og ikkje oss machomandige mammadaltar, vi er jo tross alt dritsekkar alle som ein. Vi i Driftnerd foretrekker damer vi og. Men kva med deg, heterofile kvinne? Set du ikkje pris på hoppestokken? Vil du ikkje ruge fram søte småmonster i magen din ein dag? Du veit du vil, så vær no litt snill. Lat oss skreve. Slepp pungdyra fri!
Ein annan helsemessig årsak til skrevinga er tarmtottane sine fintfølande mekanismar. Dette veit nok ikkje de kvinner noko om, sidan de ikkje går på do. Men vi menn har noko som heiter “fordøyelsessystem”. Dette er ein magisk innretning som gjer at all maten som ikkje vert nytta fullt ut av kroppen, kjem i retur ut ratata. I dei fleste tilfeller fungerar systemet bra, sett vekk frå ein del gassproblem. Du veit sikkert allereie at vi ikkje har noko som helst kontroll over akkurat den delen. Dersom vi blir tvungne til å halde beina saman går dette direkte ut over tarmsystemet. Kvar gong våre muskuløse mannelår er borti kvarandre, går det nemleg signal frå lår til hovud til rektum om at sistnemnde må knipe og blokkere. Og dette kvar gong låra møtes. Kvar gong seier eg! Kan du då tenke deg kor ulideleg det er for oss menn om vi må sitte som 3 år gamle jenter i teselskap? Det byggjer seg opp eit enormt trykk av slikt. I verste fall kan ting revne. Vil du verkeleg det? Vil du oss so vondt?
For få ting er så herleg, som å sette seg ned på ramma etter ein hard arbeidsdag. Å kjenne natteroa senke seg medan det pressar på i dei nedre tarmregionane. Å frigjere venstrefoten ut frå buksa slik at ein får spredd beina skikkeleg. Med mitt siste andedrett for kvelden, som William Wallace i siste scena på Braveheart, skrik eg ut “friiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiidom” og kjenner forløysninga. Eg er fri.
Skjønnar du no kor livsviktigt det er at vi menn får til lov å skreve litt?