Restskatt

Fått restskatt? Mange trur at det er reinspikka lotteri om ein får tilbake skatt eller ikkje. Men det er det altså ikkje. Lat Driftnerd lære deg korleis du unngår restskatt til neste år!
Det er nemleg noko som heiter SKATTEKORT som kan vere veldig lurt å rette på. Skattekortet ditt bestemmer kor mykje skatt du skal trekke av bruttolønna di. Skatteetaten lagar eit forslag til deg i byrjinga av året, men dette er basert på 2 år gamle opplysningar og er dermed stort sett feil. Dersom du rettar på dette forslaget er sjansen større for å sleppe restskatten neste år.
Det første du gjer er å gå til skatteetaten.no og trykke på knappen “Skattekort og forskotsskatt”.
På neste bide vel du “Endre skattekort eller forskotsskatt”.
Trykk så på den store grønturkise knappen “Endre skattekort”.
Vel den innloggingsmetoden du har, og logg deg inn.
Så byrjar moroa. Øverst på skjemaet du kjem til er det eit mørkegrått felt. Her skal du fylle inn det som har skjedd hittil i år, altså frå januar og fram til no.
– I post 5.1 skriv du kor mykje du har tent hittil brutto før skatt (altså inntekta frå januar og fram til no).
– I post 5.4 legg du inn det du har betalt i skatt hittil. Desse to tala vil du sjå på den siste lønsslippen din (feks står det “Brutto inntekt hittil i år” og “Forskuddstrekk hittil i år).
– I post 2.1.1 skriv du ned kor mykje du trur du kjem til å tjene for HEILE 2015. Altså bruttobeløpet (før skatt).
– Dersom du jobbar mykje skift og snodige tider av døgnet, kan det vere lurt å krysse av i 2.1.1.1 – då får du prosentkort og du slepp at tabellkortet køddar til skiftarbeidet ditt.
Så fins det eit utall frådrag du kan ha, som reduserar skatten. Det mest vanlege er post 3.3 – der du kan føre opp kor mykje renter på gjeld du betalar i løpet av året. Det kan vere renter på både hus-, bil- og kredittgjeld. I tillegg har ein fradrag for ungar i barnehage/SFO i post 3.2.10, og fradrag for fagforeningskontigent og pensjonsinnbetaling via lønna i post 3.2.11/12. Sidan kan ein fylle inn gjelda ein har, og eventuell formue, og klikke på fortsett.
Du kjem no til ein ny side som viser dei nye tala du har puncha inn. Du får og sjå korleis skattekortet ditt blir framover. Denne heldige nerden fekk då trekkprosent på 44% og er godt nøgd. Vi antastar “Bestill”-knappen og ventar i spenning på nytt skattekort.
Så, kva har du eigentleg gjort her? Du har fått luka vekk det som allereie har skjedd i år, og får no eit rykande ferskt skattekort som gjeld for resten av året. Dersom det vert endringar i økonomien min seinare, så endrar du berre skattekortet på nytt. Så enkelt, så sexy.. vel… kanskje ikkje sexy. Men no slepp du å tape i lotteriet i alle fall.