Reboot

April 28, 2017
0

Velkomen tilbake!
Etter eit års pause, er det på tide å ta helikoptergrep på pølsa og jazze fart på sakene igjen.
Med velvilje frå nerdsa sjølv, vil det kome sporadiske oppdateringar på denne sida framover.
Høyrde eg “halleluja” ?
Følg med, mine born.


Driftnerd sin firmabil ivrar etter å få nokon mil på dekka denne sommaren, men strauk med glans på PKK’en. Verkstaden klaga på bremsene. Puff… som om nokon nokonsinne har hatt bruk for bremser.


Kim Mathisen har gått på ein smell, igjen. Ingen, inkludert han sjølv, veit no kor mange gamle Toyota’s som er å finne på hans gigantiske eigedom i Kodal. Ein eigedom som også inneheld hans heilt eiga motorsportbane.


Steffen Tveite sitt varemerke, Volvo 740 driftebilen, er solgt. Det har du vel fått med deg? Men at Vossingen skulle kjøpe seg ein Supra MK4 å tukle med, det var det vel ikkje mange som hadde rekna med. Her snakkar vi totalt stilskifte. Men bra blir det, til slutt. Og vi forventar at eit eller anna frå 740’en dukkar opp på Supraen, for å ære gamle godbilen. Men kva..?


Tveite rekk litt fritid og, til tross for at det er eit par timar jobb att på Supraen. Då er det klakk i Duramaxen for litt naturopplevingar. Men det er sjølvsagt greitt å ha med nokre køyretøy og, slik at naturen ikkje tek overhånd.


Sett vekk frå drifting og natur, er det ei anna stor interesse hjå Tveite. Graskløppar-traktorar. Kva med å lage ein driftegraskløppartraktor Steffen?


Smygen vart so inspirert av å sjå traktorvasken, at han satte seg rett på toget for å besøke Steffen. Når får vi sjå driftetraktoren?


Christian er klar for å gjere sin plikt for konge, Mette-Marit og fedreland.



Kenneth Nornes sin nye bimmer byrjar bli ferdig. Og det allerede i april? Vi tileignar sambuar Stine all æra, og reknar med det er ho som har pusha på. Det er jo tross alt ho som har stått for lakkeringa, og mange timar jobb elles.


Jaggu vert bilen brutal. Det ser jo nesten ut som han har ein V8’ar under panseret… knis, knis…