Prøvekøyring

March 20, 2015
0
Sist veke prøvekøyrde eg ein Toyota GT86. Lenge har eg gått rundt og sikla over det vakre designet, og no fekk eg endeleg lov å sjå om det indre matcha det ytre. Snakkar vi operert hollywoodfrue eller naturleg vakker bondejente med føtene på jorda?
 
Mot sunn fornuft vart eg overrekt nøkkelen til bilen, og utanfor Toyotaforhandlaren møtte bilen meg med flørtande blikk, i sin klassiske, raude sports…bilfarge. Eg satte meg smånervøs inn i bilen, som ein pubertal kvisegut på date med drøymedama. Klamme hender befølte ratt og knappar. Eg trykka på startknappen, og løvinna ga frå seg eit lite brøl av begeistring. No var ho mi å beordre.

Automatkassen gira mjukt og behageleg, sett vekk frå eit par gonger. Tvilsame latviske trailerar med manglande eu-godkjenning måtte nemleg passerast. Med gasspedalen spikra i golvet susa GT’en forbi vraka, så rusten blæs av dei.
 
Heilskinna forbi dei latviske dødsfellene kunne eg skru på cruisekontrollen og gli avgarde. Sjeldan har eg site so komfortabelt, med min velforma bakdel behageleg svøypt inn i sportssetet.
GT86’en slukte kilometer på kilometer, takksam over å få lufta seg. I svingane kunne eg kjenne korleis ho vart ekstra yr, og ba meg om å setje foten på gasspedalen att. Som ein flått på ein skabbete kjøter saug ho seg fast i underlaget og trygla meg om å køyre fortare.
 
Vi returnerte til forhandlaren, med verken skramme eller bulk på mi nye forelsking. Selgjaren måtte etterkvart dra meg ut av bilen, då det viste seg at kroppen ikkje ville forlate dette autofile utopiet. No i ettertid vert dagane brukte på å drøyme om framtidas anskaffing av ein slik GT86. Spørsmålet er om eg skal selje huset, ein unge eller to, eller rett og slett vente til den økonomiske situasjonen min tillet kjøp. Men kjøp må det bli, før eller bittelitt seinare.
 
Ein stor takk til Toyota Sogn for prøvekøyring.
No har dei faktisk fått inn ein ekstra feit modell av GT86’en som du kan sjå/kjøpe her. Denne har manuell girkasse for meir hyperaktiv køyring.