Pre-NC KrSand

June 23, 2017
0

På Voss er stemninga sørgjeleg.  Lars Magne Kløve er framleis i store smerter etter at han solgte driftebilen. Han prøver å finne trøyst i den gjenværande bil/motorparken, uten at det hjelp så veldig dessverre. Han er glad på utsida, men grin på innsida. Vi føler med deg, kompis.


Ikkje så langt unna mekkulerar Steffen Tveite på med sin SUpra mk4. Snakkar vi ferdigstilling 2018, eller må vi vente lengre på snadderbilen?


Kenneth Nornes har alt for lite å gjere på BMW’en. Så han har byrja på ATV’en til 2-åringen.


Morten Ivarsflaten sitt perfeksjonistprosjekt sneglar seg framover. 2020?


i Kaupanger er Jørgen Tangen klar for Norgescup-runden i Kristiansand med sin S13.



Petter Lauvås er driftekåt og klar.



Ørjan Nilsen har nesten landa etter førsteplassen på Mantorp. Etter litt byggjing av seng i Sprinteren er han klar for helga.


Samstundes er det seigt å la Corollaen stå heime i helga. Kanskje du kunne bygd den om til trekkbil Ørjan, og fått med deg både den og Soarer’en på tur?


Kim Mathisen er forhåpentlegvis klar for Kristiansand, med sin Lexus IS200. Har han fått nok testkøyring til at vi ser han på pallen?


Før vi tek helg har vi Øyvind Slindes bilquiz. Svaret kan du legge inn på facebook-posten.