Pinsevenn

SuperduperSmygen var hjå Reidar / RFS Performance i helga og fekk testa ut Opel Kadett Omega Lotus Ferrarien sin i benken. Og trur du ikkje LS’en med twinturbo satte ny rekord i benken? Resultatet vart heile 1005 whp og 1360nm på nava. PÅ NAVA SEIER EG! Det er jo meir hest enn du finn på NM i sprangridning.
–
Petter Lauvås var godt nøgd med torsdagens trening, men følte at kjølinga ikkje var optimal.
–
Det er mogleg den daue måka mellom radiatoren og intercooleren hadde noko å seie her.
–
Men dette var berre ein bonus for Petter, som umiddelbart gjekk og panta måka. Dog var han litt skeptisk til den nye 200-lappen han fekk i pant.
–
Med 200 kroner i lomma, kunne han koste på seg litt meir på Skyline’en.