På veg

Kenneth Nornes, Ørjan Nilsen, Kim Søndergaard og Christian Bakkerud er på veg til Gatebil Mantorp for å delta på Gatebil Driftseries. Øyvind Slinde, Steffen Tveite, Petter Lauvås og Arve F. Brekkhus er også nede, for å hjelpe til og for å suge inn litt kulturelle opplevingar. Her er litt bilder frå turen ned onsdag, og litt frå føremiddag Torsdag.
Vetle Petter Pantekropp er ikkje så stø i geografi. Det er nok eit stykkje frå Hemsedal til Mantorp. Petter reiser saman med Bakkerud takka vere Driftnerd sin fadderordning.
–
Øyvind Slinde og Kenneth Nornes er langt nærare, då dei skulka alle sine forpliktelsar og stakk tidleg onsdags morgon.
–
Lengre bak kjem Ørjan Nilsen og broren Mads. Ørjan har med seg masse felgar, men har han gløymt gummien?
–
Heime i Vossatraktene er Lars Magne Kløve smådeppa for ikkje å få reise til Mantorp. Men i det minste har han fått igjen bilen sin etter sjekk. Og det er jo alltid kjekt?
–
Arve F. Brekkhus er på veg, ser ut som han rekk fram i god tid før portane stengjer.
–
Der er vi meir skeptisk til Ørjan, som har han ein lengre pitstop for å legge dekk på felgane. Men no får han i alle fall køyrt i helga, om han når fram…
–
Det byggjer seg opp ein amper stemning i Bakkerud sin bil, då han ved eit reint, godt planlagd, uhell øydelegg ei panteflaske. Då blir ikkje NM mestar i panting, Petter nøgd.
–
I mens har Øyvind og Kenneth kome fram, fått på plass telt og loungeområde, og kan nyte litt pærebrus til kvelds.
–
Tveite er og glad i svensk pærebrus, men vil han rekke det?
–
Stemninga i sprinteren til Bakkis blei so dårleg etter flaskemosen, at han måtte stoppe og mate Petter litt. Men Happymeal’en innfridde, og Petter er ein glad gut.
–
Endeleg er Petter og Bakkis framme, samt Søndergaard og Tveite.
–
Men akk.. porten er stengd.
–
Godt dei har medbrakt luksushotell på hjul.
–
Ny dag, Torsdag, og gutane slepp inn porten. Og innanfor er det mykje kult å sjå.
–
Nornes sin BMW har sove godt, og er klar for køyring.
–
Men først er det førarmøte.
–
Småtrøytt gjeng.
–
Alt vert betre med litt mat i magen.
–
Kompisen til Søndergaard er klar.
–
Steffen Tveite og Øyvind Slinde håpar på lite jobb i helga.
–
Klar for trening!