Mantorp torsdag

June 16, 2017
0

Torsdags formiddag og klar for trening. Petter Lauvås og Arve F. Brekkhus har fått jobben som spottarar for henholdsvis Bakkerud og Nornes. Ein spotter sin jobb er enkelt og greitt å luke ut dei flottaste damene blandt publikum og fortelje driftaren kor desse er plassert langs løypa, slik at driftaren kan leggje seg ekstra breidt på desse partia.



Christian Bakkerud er klar for trening. Og trening trengs. Det er aldri godt å vite korleis bilen reagerar i det store utland. Nytt språk og kultur, anna natur, nytt klima og snodige utlendingar kan fort gjere store utslag.


Nissan Cefiro Manta’en har aldri sett bedre ut, med sitt retroliknande design.




Kenneth Nornes er i full drift, med overtenning og maksimal satsing. Og då vert det fort litt grøfterally.

God som ny med litt strips.


Kim Søndergaard kom eit stykkje, men ikkje så langt. Dermed vart det full panikk og eit jekalukigt stress for å få tak i deler til å fikse Skabben. Girkassa måtte demonterast for å bytte lamell, trykkplate og utløysarlager. Heldigvis gjekk det, og han rakk kvalifiseringa seinare på dagen.

Pitcrew Arve, Steffen Tveite og Øyvind Slinde tek ein velfortent pause og kiker på litt køyring.


Dei får faktisk tid å ete og. Bacon?


Det er tydelegvis mykje merkeleg i utlandet/syden. Dei har ikkje skikkelege pengar ein gong.


Top 32 lista klar etter kvalifiserting. Ørjan Nilsen og Christian Bakkerud er med vidare. Kenneth Nornes hamna på ein bitter 33. plass og dermed på feil side av grensa, medan Kim Søndergaard var uheldig på første run’et og vrei dekket av felgen. Sidan dei ikkje får lov å byte dekk mellom run kune han ikkje køyre run 2. Poop!


Godt nøgd over eigeninnsatsen var det rett på shopping. Gjett kva Bakkerud ser på…


Kaker, sjølvsagt…



Nornes og Arve tek det vetle nederlaget med stor ro.


Tveite og Søndergaard også, ser det ut for. Meir tid til kos.


Medan morgondagens top 32 deltakar tok tidleg kveld…


…kunne resten leike seg litt.


Utlandet altså…


Steffen Tveite kjøpte seg 2 dekkstablar, og fekk seg ei overrasking då det byrja å poppe blondiner ut frå stablane. Godt kjøp!