Introducing Petterson

Her er ein liten presentasjon av Driftnerd Erlend Petterson.
Dette 23år gamle mannebeinet kjem frå Voss, og køyrer ein Bmw E28 M5 med 315hk.
Den første skikkelige sessongen til Petterson var no i 2014, og han debuterte då med ein herleg 7.plass samanlagt i NM Semipro. Snakk om pangstart!
Erlend køyrer trailer 26 døgn i månaden, og har smellt på seg ein baby. Dermed blir det ikkje så mykje tid til skruing. Men han har heldigvis ein dedikert bror, Jan Egil, som steppar inn og får skruane på plass mens Erlend køyrer trailer og lagar born. I tillegg har Driftnerd-kompis Arve F. Brekkhus også bidrege med både fysisk og psykisk hjelp. Eit samarbeid Petterson ikkje hadde klart seg utan.
No i vinter vert det ny, overlada motor. Meir info kjem.
Sponsorar er Valvoline, Performance Parts Norge, Tveiten AS og Pluto Performance.
Petterson vil og rette ein stor takk til RFS Performance.