Introducing Ørjan

January 2, 2015
0

Dei aller fleste veit vel kven stortalentet Ørjan Nilsen er. Viss ikkje, så får du ein vakker introduksjon her:

Ørjan_pokalØrjan er 19 år og bur på Askøy utanfor Bergen. Dette er gromguten som ofra alle konfirmasjonspengane sine, og kjøpte seg ein Toyota Soarer i ein alder av 15 år. Bilen vart momentant ribba heime i garasjen, og vart satt saman igjen med god hjelp frå far og bror til Ørjan. Soareren fekk 1JZ motor, R154 girkasse og F1 Racing Stage 3 clutch. Ørjan hadde sin første sesongi 2012 og raste motoren allereie på veg ut på bana på den første prøveturen. Men bilen funkar fint no, og Nilsen køyrer som ein gud. Clutchen har holdt sidan starten, med kun skifte av lamell mellom sesongane. Men Ørjan er lysten på noko som taklar clutchkick i 3. giret, og lovar at det ikkje skal stå på clutchen til neste sesong. Det blir med andre ord spanande å sjå kva som skjer med bilen fram mot neste sesong. I mellomtida held Nilsen seg til sin kjære 96′ Corolla som daily driver, som ifølgje bildene vi får inn ser ut til å bli brukt som missil på glatta. Så får vi berre håpe at glattkøyringa kan hjelpe Ørjan i å nå målet sitt, nemleg å konkurrere med dei store gutane i USA.

IMG_8410.PNG