Introducing Mathisen

Kim Mathisen byrja køyre på Gatebil i 2005. Han hadde då ein 1982 modell Celica Supra (mk2) med sveist diff. Seinare gjekk han over til ein Supra mk3 på kvite skilt. Det var vel kanskje ikkje akkurat drifting han dreiv på med i byrjinga, men det vart ein del sladding og gummirøyk.
I 2008 kjøpte han ein mk3 delebil. Men etter å ha vore mekanikar for ein driftekompis i 2010-sesongen vart han biten av basillen. Vinteren 2010/2011 byrja han derfor å bygge driftebil av delebilen. Seinsommaren 2011 var bilen klar, og Kim køyrde på Gatebil i september, og på Driftweekend på Kaupanger. Køyrde også litt Powerdrift i 2012.
Merittar: 2013: 3. plass Skien runde 1, 6. plass Gardermoen runde 2, 9. plass Gardermoen runde 5 = samanlagt 7. plass 2013. Kim køyrde 1 runde 2014: 4. plass NM Semi Cup Skien runde 4.
Bilen: 1991 Toyota Supra mk3 1JZ-GTE. Gir R154. 424 hk og 455 nm på hjul. Singel turbo, datasprut, kvassere kammer, større dyser. Bygger ny 2jz som skal mappes av Reidar (RFS Performance) med VEMS sprut.
Sponsor: Cartec Norge, Dekk1 E18 sem.
Nederste foto: mgdesign.no