Introducing Johnsen

Kenneth Johnsen er ein livsglad kar på 28 år frå Gjøvik med over middels interesse for bil og motorsport. Han vart dregen inn i driftingmiljøet i 2005-6 då han vart kjend med Steffen Svingen og Øyvind Øversveen. Kenneth blei med desse 2 gromgutane på Gatebil, og har sidan dette vore med som mekanikar på stort sett alle treffa. I 2013 vart lysta for stor, og Johnsen bestemte seg for at han no ville ha ein eigen “ræserbil”. Han ville helst ha noko som ikkje alle andre hadde, så valet fall på ein Corolla KE70som dukka opp på ei “kjøp og sal”-side på Facebook. Bygginga tok til i april 2014, og allereie i slutten av juli kunne bilen testast på Vinjarmoen. Bilen haldt i 3 rundar før bakakslinga tok kvelden. Kenneth bytta denne og kjørte ei trening. So vart forstillinga bygga om for å få meir justeringsmuligheter. Johnsen satsar på å køyre NM i Semi-pro i 2015, uten anna mål enn å fullføre og ikkje vrake bilen. Kenneth sender ein fantastisk stor takk til Kaj Magnus Hagberg for kjempehjelp med bilen. Uten han hadde ikkje bilen blitt ferdig so fort!
Bilen: 1982 Toyota Corolla KE70 wagon på 800kg.
Motor: S50B32, 1997 BMW M3 3,2 liter med carboninnsug, BMW Motorsport magnesium grenrør, kvassere kammer og AlphaN-map’a hjerne som er chippa. Ca 360 hk i motor. Quartermaster 2 plater 7,25″ clutch og enkeltmassesvinghjul som er voldsomt lett i forhold til original dobbelmasse.
BMW M3 getrag 6tr manuell kasse. BMW E36 travers ombygga med Nissan S13/S14 Fastwayracer bærebruer og casterstag. S13 spindler og S14 Øhlins 30 veis juterbare coilovers foran. Bak er det Volvo 1031 stiv aksling med sveisa sperre og 4link hengt opp med polyforinger og Supra D2 coilovers.
(Bilete av mgdesign.no)