Intervju med RFS

Driftnerd har vore so heldig å fått kontakt med sjølvaste RFS Performance helt og tuning-gud Reidar Fjøsne Skartun. Denne karismatiske mannen som
har tafsa på ei rekke av Noregs villaste driftebilar snakkar her ut om interessa si.

reidar_map2Nerd: Kor kjem interessa for motor frå? Kven kan ta æra?
Reidar: Eg trur motorinteressa kjem frå morssida. Onklane mine på den sia har alltid vore motorfrelste.

N: Byrja det i tidleg alder? Bleia full av ledningsnett?
R:Nei, eigentlig ikkje. Det byrja vel i 13-14 års alderen, med moped og crossar, slik som  tenåringar flest eigentlig. Hobby-mekk på gammalt drit som aldri funka. 

N: Du har jo so mykje kunnskap at du logisk sett burde hatt eit digert kobbahovud. Les du voldsomt mykje fagstoff eller er det prøv og feil?
R: Haha! No ska me ikkje trekke det for langt her. Det er minst mogleg prøving og feiling. Prøv og feil kostar ofte meir enn lommeboka har råd til i denne bransjen. Det blir ein del lesestoff, men mykje er logisk når ein har basiskunskapen og forstår korleis ting er samansatt. Så blir det jo og meir og meir erfaring med tida.

N: Det er jo ikkje berre tuning du driv med, du sel jo naturleg nok ei rekke produkt frå VEMS og Precision blandt anna. Noko spesiell grunn til at du har valgt å forhandle desse merka?
R: Produkta er ofte litt meir prøv og feil.  Til slutt sit ein med ei oppskrift som kan fungere ut frå testing og forbetringar undervegs. Det fins veldig mykje å velgje i når det kommer til tuningdeler. Men det er ikkje dermed sagt att dei ulike delene alltid blir ein bra kombinasjon når du set dei saman. Så det er jo det ein jobbar mot, ein velfungerande og god kombinasjon av deler.

reidar_kidN: Men det er fortsatt mogleg for nokon med “feil” motordeler å benytte seg av dine dyno-tenester til dømes?
R: Ja. Det går ofte meir tid i benken på feilsøking, enn på “mapping”. Det er berre om å gjere att mest mogleg fungerar etterpå. Men eg prøver iallefall å gjere det beste utav det, og å gi kunden mine anbefalingar. Mange av bilane eg har i dynoen, har eg aldri sett før dei står på tunet, så ofte anar eg ikkje kva eg går til.

N: Du produserar eigne motordeler og?
R: Nei, eigentlig ikkje. Berre litt brakettar, spesielle flensar og slikt som ikkje er å få kjøpt.  Eller der prisen er så absurd att ein liksogodt kan kaste bort tid på å lage det sjøl.

N: Er det noko håp om profitt på dette, eller vert det mest for moro skuld og kompiskos?
R: Det hadde jo vore moro om ein kunne tjent noko på det, men eg driv vel i for liten skala til det. Eg har full jobb utenom tuninga. Om firmaet går rundt av seg sjølv, og eg slepp å punge ut av eiga lomme på faste utgifter slik som lån og leigekostnader osv, så får det være greit inntil eg enten ikkje orkar meir, eller til eg prøver å gjere noke meir utav det som kan generere meir inntekt. Rik har eg i alle fall ikkje vorte på dette. Det einaste eg har vorte er jævla fattig på fritid. 

N: Vi som kjenner deg litt veit jo at det er jo ikkje berre motortuning du har peil på. Du har blandt anna bygd di eiga CNC-maskin og greier. Kor stoppar kunnskapen?
R: CNC-bygget var meir eit moroprosjekt. Eg kunne ingen ting angåande dreing og fresing før eg starta på dette prosjektet. Det starta som ein manuell fres, der Alvin og eg vart lei av å sveive for hand. Og så tok det berre heilt av egentlig, he he. Kven som helst kan bygge ein slik CNC-fres, men eg anbefalar ingen å gjere det. Kjøp FERDIG!!

N: Er det feil å kalle deg tuningas svar på Leonardo Da Vinci?
R: Leonardo da Vinci.. er det han som spela hovedrollen i titanic?

N: Korrekt! Skillsa dine er jo upåklagelege, noko som vert spegla i antall driftebilar ein kan sjå med RFS-logo påklistra. Kor tilfredsstillande er det å sjå logoen på dei feitaste driftebilane i Noreg?
R: No syns eg spørsmåla dine blir litt vel klissete her! Hehe, men eg tek det ikkje for gitt att eg i det heile teke har kundar, då det fins mykje flinke folk rundt om i landet som driv med det same som meg. Men att folk vil køyre med logo på bilen er jo berre moro!

reidar_mapN: Kva plasseringar vart det for RFS-bilar i årets drifting-sesong?
R: Heilt seriøst, så har eg ikkje heilt oversikta. Men eg har sett fleire bilar og kundar på pallen, så det er moro. For meg er det ikkje kundens plassering som betyr mest, men att det eg har fikla på fungerar. Men det er jo litt ekstra moro når Alvin og Kenneth står på pallen.


N: Vert det noko køyring på deg sjølv oppi alt styret?
R: Blir lite kjøyring på meg. Det var jo slik alt starta egentlig. Men tida har blitt eit problem. Forhåpentligvis får eg bygd ferdig bilen i vinter, men eg blir ikkje overraska om det ikke går denne vinteren heller!

N: I tillegg til at alle er nøgde med servicen du gir, så virkar det som at 97% av kundane dine, som dessverre er menn, også får mancrush for deg. Er det din naturlege utstråling som gjer det, eller snakkar vi arv og miljø (altså nedarva eller opplært) ?
R: Dette er ikkje min oppfatning, og det er lite med frieri her “dessverre”.  Utstråling? LOL!

N: For dei som lurer; har du søstre?
R: Ingen kommentar.

N: Er det ellers noko du vil dele med oss?
R: Njeiss, joa, kanskje… Kan vel nytta anledningen til å takka ho som gir meg mat og tak over hovudet (Hilde vennen, nuss, kliss, klem). Og ikkje minst takk til kundane mine, som trekk med seg bilane sine halve landet berre for å komme hit i benken. Det er jo moro og ikkje minst viktig! Ingen kundar – ingen RFS Performance!

Takk for intervjuet Reidar. Og til alle som les dette: gå inn og lik sida til RFS Performance: https://www.facebook.com/RFSperformance

rfs_logo