Groupies

Jørgen Tangen levde kjendislivet i helga. Babemagneten slit stadig med overivrige fans. Til og med popstjerner som Sandra Lyng elskar drifteguten.
–
Kim Søndergaard er på si side lei av groupies, og sendte dei vekk i helga, slik at han kunne leve ut sin bærekraftige, veganske livsstil.
–
Redaksjonen tippar 9 minutt. Kva tippar du?
–
Vi tippa jaggu rett. Det må vere fordi vi kjenner Kim’en og hans skillz så utruleg godt. Evt fordi vi juksa. Kor lang tid brukar du på din girkasse?
–
Ein annan som skulle til Dagali var Oddbjørn Hauglum. Men først ein tur til superdrifter og sjølvlærd mekanisk geni Alvin Lægreid til å hjelpe Oddis’en å spøte saman kjerra att. Laust innsug, sprekk i eksosmanifold og generell fjuskipjusk er ingen match for den dødelege kombinasjonen Lægreid/Hauglum.
–
Oddbjørn sin S14 tilhøyrde tidlegare Petter Nes Olsen. Den har sjølvsagt ein RFS tuna 2JZ, med konservative 520 trygge hestar på nav. Samtlege vart brukt i helga på Dagali, då Oddis endeleg fekk slept dei skikkeleg fri.